Caroline Hansine Høigård

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Caroline Hansine Høigård f. Musæus (fødd 9. januar 1878, død 24. mai 1939) var lærar.

Ho var dotter av skipskaptein Henrik Christian Kiempe Musæus (f. 1845) og Elise Lund Trapness (f. 1853). Då hun vart fødd budde familien i Kristiansund, men hun vart døypt i Stavanger. Ho fekk namn etter tanta Hansine Caroline Musæus, som var lærar i Kristiansund i meir enn eit halvt århundre.

Caroline Musæus tok lærarskuleeksamen ved Volda lærerskole. Ho arbeida ikkje lenge som lærar, for i 1906 vart ho gift med lærar og tidlegare misjonær Jonas Bernhard Høigård (1869–1926). Dei gifta seg i Stavanger, og vart buande der. Dei fekk sonen Einar Musæus Høigård (1907–1943) og dottera Gunnvor Aamodt Høigård (f. 1909). Sonen vart kjend som motstandsmann, og tok sitt eige liv i arrest for å ikkje sprekke under tortur.

Litteratur og kjelder