Challe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nysteikte challes.
Foto: Olve Utne

Challe (aust-jiddisch, pl. challes) eller barches (vest-jid.) er fellesnamn for brødtypar som blir bruka for shabbes (sjabbát) blant asjkenaziske jødar. Challes er ofte fletta, men kan òg vera runde; og dei er ofte pensla med egg og strødd frø som f.eks. valmuefrø på. Ein serverer normalt to challes til kiddesjsjabbes og jontev (helgedagar), og dei blir dekt over mens ein seier signinga over dagen over vin eller druejuice. Deretter vaskar ein hendene, tek dekket av brødet, og les signinga over dei. Når alle har fått ein bit minst så stor som ein oliven, kan resten av måltidet begynna. Challes er gjerne avlange på sjabbes og runde eller kransforma på dei høge helgedagane. Under shvues har challes stegeform i somme tradisjonar.

Namn

Challe

Barches, berches

Namnet barches eller berches heng truleg saman med asjkenazisk hebraisk birkhas, som er ei bindeform av ordet b'rókhó (hebraisk בְּרָכָה)'signing'. (I tillegg nemner mathistorikaren Gil Marks eit tysk ord bercht, som skal tyde 'flette'. Dette har ikkje vist seg lett å stadfeste.) Ordet blir mest bruka i vestjiddisch kultur og kan nok ha nådd det sørlege Skandinavia tidligast kring 1600-talet, men litterært belegg på skandinaviske språk har vi ikkje før 1900-talet.

I dansk har ordet berkes eller birkes vorte bruka dels om det jødiske fletta brødet med valmuefrø og frøloff generelt, og dels om sjølve valmuefrøa. Dei eldste danskspråklege kjeldene til ordet som er registrert av danske ordboksredaksjonar kjem frå først på 1900-talet.[1] På notidig dansk blir ordet birkes (og birkesfrø) primært bruka om valmuefrøa og sekundært om eit butterdeigsrundstykke med valmuefrøstrø &mdas; det sistnemnte ofte kalla tebirkes.[2] Tebirkes blir òg seld i Norge, da gjerne under namnet tebriks.

På svensk blir ordet bruka hovudsakleg i forma bergis (i Stockholm; med hard g) og varianten barkis (i Göteborg). Eldste kjente skriftspråksbelegg på svensk er 1929. Ordet blir bruka om «typ av av­långt vitt mat­bröd bestrött med vallmo­frön [...] brödtypen är från början judiskt sabbatsbröd».[3]

Bildegalleri

Fotnotar

  1. «Berkes» i Ordbog over det danske Sprog
  2. «Birkes» i Den Danske Ordbog
  3. «bergis» og «barkis» i Svensk Ordbok

Sjå òg