Christine Sophie Storm (1746–1825)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Christine Storm Munch (fødd 1746, død 1825) var ei kokebokforfattarinne i Vågå i Gudbrandsdalen på 1700- og 1800-tallet.

Ho var prestefrue på prestegarden Ullinsvin, der ho hadde ein urtehage som er bevart for ettertida. Hennar 900 sidar lange kokebok blei i 2022 digitalisert av Innlandet fylkesarkiv. Boka er ei samling oppskriftar og husråd for embetshusholda på 1700-tallet. Ho fekk mellom anna sitroner frakta frå utlandet – først med båt til Kristiania, så med hest til Gudbrandsdalen.[1]

Slekt og familie

Christines foreldre var Johan Storm (1712-1776), sokneprest i Vågå frå om lag 1745, og hans første kone Magdalena Stub (1722-1747). Christine vaks opp i prestegarden i Vågå med to brør, den 3 år eldre Axel og den 3 år yngre halvbroren Edvard, som ho fekk eit nært tilhøve til så lenge han levde, storesøster Sophie Elisabet (f. 1742), veslesøstrene Magdalena (f. 1750) og Gidsken Edvardine (f. 1753), og stemødrene Ingeborg f. Røring (stemor 1748- 1760) og Magdalene f. Hauritz (stemor frå 1761).

Barna fekk opplæring i Vågå prestegard av faren og andre. Og når sønene fekk undervisning, var døtrene med. Christine var opptatt av mellom anna astronomi og verdenshistorie.

Christine Storm Munch var målaren Edvard Munch sin oldemor.

Liv og virke

Christine vaks opp på prestegarden i Vågå, nå kjent som Ullinsvin, der ho fekk undervisning i heimen saman med søskena. Ho var rekna som velskolert og godt utdanna for si tid. I sine yngre år hadde ho oppheldt seg hjå tanta Christine Munch i Christiania. Tanta dreiv eit honnett hotell der etter at mannen Søren Rasmussen Munch døydde i 1748. Det var nok også ei lærerik tid for den yngre Christine.

Ho vart i 1768 gift med presten Peder Munch (1740-1802). Dei budde i Ringebu der Peder var kappelan. I 1776 vart han sokneprest i Vågå, eit embete han hadde eit tiår før han vart sokneprest i Land (Fluberg) dei siste 16 åra sine. Han var maroder av leddgikt den siste tida.

Etter at Peder døydde i 1802, fekk Christine bu eit år på prestegarden i Land prestegjeld før ho i 1803 måtte flytte til Grette presteenkesete i Søndre Land. I 1810 flytta ho attende til Vågå, til Hølen, ein tidlegare husmannsplass under Ullinsvin som faren Johan fekk attende til prestegarden og nå var blitt presteenkesete. I Vågå prestegjeld var det presteenkesete på Dale i Sel anneks, og dit flytta Christine og dottera Johanne om lag 1815. Johanne, som også var prestefrue, vart enke i januar 1814. – Christine døydde 25. januar 1825, 78 år gammal

Forfattarskap

Christine Sophie Storm Munchs kokebok er ei 900 sider lang kokebok som inneheld alt i frå enkle matoppskriftar til farging av tekstilar, middel mot tresjukdomar, korleis ein tok livet av rovdyr til tips og råd om korleis ein kunne skaffa råvarar og importvarar. Den gir ei god skildringa av kunnskapen ein måtte ha for å drifte eit embetshushold på 1700-talet. Deler av bok har vore på Maihaugen, medan den andre delen har vore på fylkesarkivet i Innlandet. Boka blei digitalisert av Innlandet fylkesarkiv i 2022 og ei delvis maskintranskribert digital avskrift av boka blei utarbeida i 2023 av Tidvis og Therese Foldvik.

Referansar

  1. Tveter, Marion Godager: Christine Storm Munch i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 30. januar 2024 fra Store norske leksikon