Dølehalli

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dølehalli, Lagshus i Morgedal.

Dølehalli var lagshus for UL Dølen i Morgedal, Kviteseid kommune.

Vedtaket om bygging blei gjort i 1903, og hausten 1904 stod huset ferdig til bruk. Det var alt då ei lita boksamling til utlån (utlånsstasjon) i Morgedal. Denne fekk plass i Dølehalli. Morgedal folkeboksamling heldt til der fram til det nye grendehuset blei oppført.

I åra mellom 1920 - 30 talet var det i tillegg til lagsaktivitetane, saumskule, snikkarskule, kokekurs og bakekurs i Dølehalli. Huset fekk eit tilbygg på nord-vest sida i 1931. I 1956 blei det valt ei nemnd som skulle arbeide for innvendig og utvendig oppussing av Dølehalli. Det blei eit stort arbeid både med tilbygg og endringar inne. 1959 var arbeidet ferdig, og opningsfesten var 22.juni. Dølehalli vart riven i høve utbygging av renseanlegg og det nye Skieventyret.

Litteratur

  • Lid, Torleiv: Gamalt frå Kviteseid. Litt om Dølehalli i Morgedal. Kviteseid, 1992.