Ethel Oddny Erine Hollevik (1918–2008)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Oddny Saltskår gifta seg i 1945 med Anton Hollevik. Mange av gjestane hadde óg vore motstandsfolk.
Foto: Ukjend (1945).

Ethel Oddny Erine Hollevik f. Saltskår (fødd 8. februar 1918 i Brooklyn, død 18. august 2008 i Askvoll) var motstandskvinne under andre verdskrigen. Ho vart arrestert så seint som våren 1945, men sjølv om fangeopphaldet vart kortvarig fekk hos store skadar som følgje av torturen ho vart utsett for.

Etter at krigen kom vart broren Chester Saltskår involvert i heimefronten. Han og kona måtte rømme landet våren 1942, og Oddny Saltskår, som ho heitte den gongen, reiste heim til Askvoll for å drive gardsbruket deira ved Staveneset. Sumaren 1943 styrta eit britisk fly ved Staveneset – det var nære på at det ramte huset. Tyske soldatar kom til bruket, og Oddny Saltskår måtte gå gjennom alle romma med eit våpen retta mot seg medan dei lette etter flygarane.

I september 1944 hadde to mann frå heimefronten sett opp ein radiosendar, Cygnus, på Askvoll. Chester Saltskår var med som kjentmann, og Oddny Saltskår hjalp dei saman med kjærasten Anton Monrad Hollevik (1915–1984). Dei frakta mellom anna mat opp til skjulestaden. Det gjekk lenge bra, men ein angjevar tipsa tyskarane, som omringa garden. Telegrafistane hadde vorte henta ut dagen før, men Oddny og Anton Monrad vart arrestert den 16. mars 1945. Sjølv om det på den tida var klårt for alle at krigen snart ville vere over, haldt dei fram med å fengsle motstandsfolk. Ho vart sendt til Bergen kretsfengsel den 25. mars, med fangenummer 4855. Der var ho til 12. april, då ho vart sendt til Espeland fangeleir med fangenummer 1947. Ho slapp fri den 9. april 1945. Allereie den første dagen, medan dei framleis var på Staveneset, vart ho utsett for harde avhøyr med tortur. Etter krigen sleit ho med store helseskadar som følgje av dette. Først i 1960-åra fekk ho skikkeleg hjelp på Rikshospitalet, der dei kunne slå fast at både nyrer og eggstokkar var skadd. Ho arbeidde lenge for å få erstatning for krigsskadane.

Den 25. august 1945 gifta Oddny Saltskår og Anton Hollevik seg. Fleire motstandsfolk møtte opp i bryllaupet.

Ho vart enkje i 1984. På slutten av livet budde ho på Askvoll sjukeheim.[1]

Referansar

  1. Firda 2008.09.23. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur