Faleide krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Faleide krins i Stryn kommune (tidlegare Innvik kommune) omfatta på det meste gardane Sindre, Nybø, Flore, Haugen og Maurhaugen i Sør-Markane, Røberg, Haugen, Sætren, Langeset, Svarstad og Faleide på nordsia, og Frøholm, Holen og Agjeld på sørsida av fjorden. I 1861 gjekk gardane i Sør-Markane til Sindre krins. I 1915 kom Robjørgane med i Faleide krins, og Rødberg krins vart lagt ned.

Skulehus

Faleide skule

  • Byggeår: 1866
  • Fungerte som skule: 1866-1967
  • Anna bruksområde: Huset var flytta og bygd på i 1928. Bustadhus etter 1967. Skulemuseum frå omlag 1991.

Lærarar

Namn Fødd Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Helge Hammer 1869 1892 ? Stord lærarskule (1888) Var lærar i ymse krinsar i Innvik i 1,5 år, før han vart lærar i Faleide.
Ivar Holmøy 1900 ? ? Stord seminar (1925) Lærar i Selje 1929-1947, lærar i Sindre og Faleide etter dette.
Matias Skrede 1903 ? ? Volda lærarskule (1924) Lærar i Faleide og Sindre krins, sidan i Utvik krins.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Kåre Nygård (red) (2006) Skulehistorie for Innvik og Stryn kommunar 1739-2000
  • Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Norske skulefolk. Utg. Dreyer. xx#. 1952. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Dagbok for Faleide skule og Aarholen skule, 1904-1921
  • Dagbok for Faleide skule, 1921-1969
  • Dagbok for Faleide skule, Sindre skule, Aarholen skule og Auflem skule, 1890-1904
  • Dagsjournal for Faleide skule, Rake skule og Sindre skule (Markane krins), 1864-1877
  • Dagsjournal for Faleide skule, Sindre skule, Aufleim skule, 1878-1899
  • Hovudbok for Faleide skule, 1928-1968
  • Skuleprotokoll for Faleide skule og Aarholen skule, 1895-1928
  • Skuleprotokoll for Faleide skule, Rake skule og Sindre skule (Markane krins), 1862-1877
  • Skuleprotokoll for Faleide skule, Sindre skule, Aufleim skule og Aarhole skule, 1878-1895