Fjellbakken (Fedje gnr 172 bnr 11)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjellbakken
S487.172.11.CD 12 046.jpg
Framfor huset til bnr 11 i 1934, Marry (3) med dottera Allis.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 11
Adresse: Stormarkvegen 330

Fjellbakken er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Lars Hansen f. 1854 Husa (gnr 168 bnr 7-16c) d. 1924 g. 1878 m. Berta Olsd f. 1859 Sanden, Øygarden d. 1926 (dotter av Malena Knutsd f. 1822 og Ola Martinussen f. 1820, han var bror til m.a. Ingeborg Husa gnr 168 bnr 10-5, sjå der). Bygselkontrakt tinglyst 1888 på dette jordstykket. Dei rydda jord og sette opp hus her. Dei budde først hjå foreldra hans på Husa, der dei tre eldste borna er fødde. Lars var fiskar, i tillegg var han ei tid postførar for Hellisøy fyr. Dei hadde husdyr. Skøyte 1916 for 1000 kr på dette bruket frådelt gnr 172 bnr 1 og gnr 172 bnr 2 same året.

Born: a. Anna Marie Larsd f. 1878 d. 1929, neste brukar (2), fekk med Kristian Kristensen f. 1873 Byrknes (jf Gulenb. III s 247) d. 1958 Minneapolis, USA sonen aa. Kristoffer Kristiansen f. 1896 d. 1897. b. Olsina Malena Larsd f. 1881, utvandra til USA, var heime på besøk i 1913, budde då i Beloit, Wisconsin, ved skiftet etter foreldra i 1927 vart det opplyst at ho var g.m. Monrad Marthinussen f. 1891 og budde i Renton i staten Washington. c. Hans Larsen f. 1883, reiste til USA, budde 1927 i Tacoma i staten Washington. d. Mathilde Larsd f. 1888 d. 1949 g. 1917 Stavanger m. Anders Evald Erikson f. 1892 Stavanger d. 1963, budde der, seinare på Florvåg, Askøy. e. Martin Larsen f. 1890, utvandra til USA i 1908, budde 1927 i Tacoma, Washington (same adresse som c). f. Paulina Larsd f. 1893 d. 1949 g. 1914 m. Kornelius Steffensen f. 1891 Stormark (gnr 172 bnr 10- le) d. 1973, brukarar der (2). g. Lovisa Bertina Larsd f. 1896 d. 1913 (tub.). h. dødfødd dotter f. 1898.

2. Anna Marie Larsd Stormark f. 1878 på dette bruket (la) d. 1929 g. 1901 m. Magne Sjursen Storemark f. 1877 (gnr 172 bnr 30-1b) d. 1958. Skøyte her i 1918 for 3000 kr og kår til nr 1. Før budde dei i eit hus på Kopper (gnr 168 bnr 35-1). Næringa var fiske og jordbruk. Magne var reserveassistent på Hellisøy fyr frå 1920 til 1922, han var postførar der frå 1918 til 1922.

Born: a. Sigurd Mikal Storemark f. 1902 d. 1973 g. 1935 m. Leonora Vevring f. 1909 Naustdal i Sunnfjord d. 1987 (sjå Naustdalb. I s 237), bustad Askøy, dreiv kassefabrikk. b. Laura Birgitte Stormark f. 1902 d. 1982 g. 1924 m. Engel Andreas Bergesen f. 1900 Bergen d. 1983, vedlikehaldsarb., budde der. c. Olai Martin Stormark f. 1904 d. 1963, stuert, g. 1932 m. Henriette Nessa f. 1904 Solund d. 1991 (jf Solundb. II s 181), bustad Bergen. d. Monrad Amandus Stormark f. 1905 d. 1937, neste brukar (3). e. Oline Magnhild Koppen f. 1907 d. 1982 g. 1933 m. Selmer Harry Leganger f. 1908 Selje i Nordfjord d. 1976, sjømann, bustad Bergen. f. Aslaug Maria Stormark f. 1909 d. 1927. g. Olga Henriette Malena Stormark f. 1910 d. 2001, bustad Askøy, g. 1933 Bergen m. Torvald Johannessen f. 1910 Ravnanger på Askøy d. 1940, sjømann, omkom under krigen. h. Magda Hansine Stormark f. 1912 d. 2000 g. 1940 m. Sverre Hess f. 1906 Bergen d. 2001, arb. spedisjonsfirma, busette der. i. Lovise Amanda Stormark f. 1913 d. 1973 g. 1939 m. Peter Elias Sanden f. 1913 Solund i Sogn d. 1997 (jf Solundb. I s 235), bustad Askøy. j. Olav Malvin Stormark f. 1916 d. 1940. k. Guttorm Andreas Stormark f. 1918 d. 1964 g. 1949 m. Olga Petra Engelsen f. 1919 Bergen d. 2006, busette der. l. Solveig Margot Stormark f. 1921 d. 1979 g. 1945 m. Alfred Havnen f. 1920 Førde d. 1996, busette der (sjå Førdeb. II s 444).

Enkjemannen Magne Sjursen Storemark g.2.g. 1931 m. Maren Sofie Nilsd f. 1882 Losnegard d. 1967 (jf Gulenb. I s 51), enkje etter Nils Johan Jørgensen f. 1877 Eide d. 1918 Svardal (sjå Gulenb. II s 376). Magne og Maren busette seg på Losnelia i Solund, dei to yngste borna hans flytta med (jf Gulenb. I s 37). I 1925 hadde Magne skøytt bruket her til sonen Olai. Han var eigar til 1934, då broren Monrad overtok.

3. Monrad Stormark f. 1905 på dette bruket (2d) d. 1937 (tub.), sjømann og fiskar, g. 1931 m. Marry Karlsen f. 1912 Stormark (gnr 172 bnr 7-2a) d. 1988. Skøyte her i 1934 for 2300 kr.

Born: a. Allis Stormark f. 1933 d. 2013 g. 1954 m. Gabriel Stormark f. 1920 (gnr 172 bnr 23-3c) d. 1971, bygde i Husøyna (gnr 168 bnr 140). b. Arvid Monrad Stormark f. 1937, seinare eigar (5).

4. Enkja Marry Stormark (3) g.2.g. 1942 m. Alfred Andersen f. 1912 Stormark (gnr 172 bnr 30-2a) d. 1988, fiskar og sjømann. Marry fekk tinglyst heimel her i 1939.

Born: a. Lendy Andersen Stormark f. 1944, raffineriarb., g. 1965 m. Gerd Eli Ingebrigtsen f. 1946 Bergen, bustad Årås i Austrheim (sjå Austrheimb. II s 398). b. Roald Andersen f. 1948, kokk, g. 1971 m. Haldis Marie Nilsine Hansen f. 1948 Lyngseidet i Lyngen, Troms, hjelpepleiar, busette der.

5. Arvid Stormark f. 1937 på dette bruket (3b), møllearb., g. 1966 m. Jenny Tresnes f. 1933 (gnr 171 bnr 1-4c), bustad Åsane i Bergen. Skøyte her i 1995. Huset vert brukt som fritidsbustad.


Fedje komm.svg Fjellbakken (Fedje gnr 172 bnr 11) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Mortland (Fedje gnr 172 bnr 10) • Neste bolk: Solvang (Fedje gnr 172 bnr 12)