Forside:Landbruksutstyr

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Landbruksutstyr
Landbruksutstyr
 
Smakebitar
Vidjespenning.
Foto: Truls Erik Dahl.
NEG 21 Vidjer er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1950 med tittel Vidjer. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …

Brynstokk (brynestokk, bryn(e)strump, bryn(e)strunk) (t.v.) og eit utval av Brynestein (grove bryne) og heinar (fine bryne) i ulike materiale, former og størrelsar.
Foto: Olve Utne, 2008
NEG 3 Brynet er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1947 med tittel Brynet. Utsendar var Lily Weiser-Aall, Hilmar Stigum.   Les mer …

Haslekroken klar til bruk
Haslekroken, på godt austefjordsk «hasljekrokjinj» eller "natakrokinj", er ein reiskap som har gått ut av bruk for fleire tiår sidan. Den var ein par meter lang krok av tre, vanlegvis laga av hassel eller bjørk. I tjukkaste enden var det ei grein eller rot som danna ein kraftig krok. Brukaren heldt i den tynne enden.

Alle reidskapar blir oftast brukt til fleire ting. Den same, eller ei litt grovare utgåve var med når storuksane/"foreiningsuksane" skulle hentast frå sommarhamning. Då vart den brukt til å krøkje i naseringen for å få tau i ringen og dermed kontroll på uksane som oppførte seg som udyr etter månader på frifot.

Plukking av nøtter – nataplukking – var attåtnæring der gardane hadde hassel eller i daglegtale «nataskog». Hasselen er bøyeleg og føyeleg. Haslekroken vart brukt til å bøye ned greinene slik at den som plukkar kan unngå å klatre. Ein var ofte fleire i fylgje. Den som var tyngst og sterkast brukte kroken og henta ned grein for grein og heldt medan den som var snar plukka neter, gjerne med hamsen på. Så tok ein fangsten med heim og la den til turk og modning slik at alle netene sleppte hamsen av eigen fri vilje. Når netene sleppte hamsen var dei gjerne svakt brune på let/farge.   Les mer …

Nappakrok («høytjyv») frå Aure kommuneNordmøre.
Foto: Olve Utne
Ein nappakrok, nappekrok eller ein høytjuv (nynorsk/bokmål), òg skrive høytyvbokmål, er ein harpunliknande reiskap som blir bruka til å nappe ut høy frå hardtrappa høystål. Høyet skulle nappast ut slik at kanten av høyet stod som ein loddrett vegg. Dermed kunne ein følgje med forbruket utover vinteren. På midtvintersdagen (12. januar) skulle ikkje meir enn halvparten av høyet vera oppbruka.   Les mer …

Aebi AM 53 med kort kardang vogn
Tohjulstraktoren og motorslåmaskina sitt inntog i vestlandsk jordbruk må ha ein god del av æra for at kulturlandskapet i landsdelen er halde i hevd etter at ljåen og hesteslåmaskina gjekk ut av bruk midt på 1950-talet.

Definisjon for traktor vart etter kvart maskin med roterande kraftuttak (PTO) for drift av påkobla arbeidsmaskiner. Dermed ser vi store motorslåmaskiner og små tohjulstrakturar utan å forstå kva er kva. Kraftuttaket vart mest brukt til drift av såkalla «kardangvogn», firehjulsdrift ved bruk av tilhengar, slåtteapparat, motordriven jordfres og vinsj. Ein prøvar å samle informasjon på sida om Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk.

Kring 1920 kom dei fyrste tohjulingane til landet, men fyrst etter 1945 vart det fart i sal av landbruksmaskiner med eigen forbrenningsmotor i dei brattlendte vestlandsbygdene. Firehjulstraktorane passa ikkje på smale, bratte gardsvegar. Derfor såg gardbrukarane etter andre alternativ og enda opp med tohjulstraktoren som ei løysing mellom motorslåmaskin og firehjulstraktor.   Les mer …

Motorslåmaskin Rapid Rex.
Foto: Oddvar Høydalsvik

Denne sida - Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk - og - Firehjulstraktoren, basismaskina i landbruks-, anleggs- og skogsdrift - er meint som to dugnadsprosjekt i tråd med tanken bak nettstaden lokalhistoriewiki.no.

Særleg i tiåra etter krigen - da motoriseringa av landbruket starta for fullt - har det eksistert eit stort antal slike maskiner, og mange av dei gjekk igjennom ei utvikling med mange forbetringar. Det kan dermed finnast mange typar slike maskiner. I dag er det ikkje så mange av dei som er i aktivt bruk, men dei kan stå att i låvar og skur og vere ukjente for yngre generasjonar. Ta bilde av maskiner som du ser manglar og last opp i wikien, før den i tabell og lenk til galleri under rett merke.

I dette stykket er det starta opp ein faktaboks for nokre merke/produsentar av slike maskiner med biletgalleri under kvar boks. Ferdig boks for nye merke/maskiner til kopiering ligg i botnen på stykket. Oppfordring: Gå ut å sjå på di maskin, les merkeplater, på maskina og motoren. Ta bilete. Last så inn på rett maskin og skriv deg inn på informantliste. Kan nokon av tidlegare importørar og forhandlarar hjelpe til vil her bli veldig mykje nyttig informasjon til entusiastane som held mange av desse maskinene i gang.   Les mer …
 
Kategoriar for Landbruksutstyr
 
Andre artiklar