Gamle Værlandet skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gamle Værlandet skule var det første skulehuset i Værlandet krins i Askvoll kommune. Skulehuset vart bygd ca 1898 og var plassert midt på Værlandet.

Skulehuset

Den gamle skulestova vart bygd i 1898 og teke i bruk kort tid etter dette. Skulestova var om lag 25 kvadratmeter, og huset hadde i tillegg eit lite kammers og ein gang. På loftet vart det i 1920-åra laga eit kott som fungerte som soverom for lærarinna som budde på kammerset nede.

Det vart lagt inn straum i 1952, og før dette brukte ein oljelamper.

Etter krigen vart skulehuset etter kvart for lite. Borna frå Alden krins vart flytta til Værlandet, og i nokre år måtte dei leige rom for å ha plass til alle klassane. I 1961 stod det nye skulehuset klart til bruk, Værlandet skule.

Anna bruksområde

Skulehuset vart brukt til møte, festar og basarar.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Linda Landøy og Ruth Bakke (red.) Værlandet skule. Skule på Værlandet i 261 år. (2004).

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.30924° N 4.73698° Ø