Gudtorm Bugen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gudtorm Bugen (1906-1994) var ein trygdesjef og lokalhistorikar frå Lesund i Aure kommune. Fram til 1941 var han busett på Lesund, og bruka motorbåt for å koma seg til kontoret sitt inne i Aure sentrum. Men han busette seg til slutt i kommunesenteret, saman med kona Gunda.

Yrkeskarriere

Bugen byrja yrkeskarrieren sin i 1934. Då vart han forretningsførar for Trygdekassen og tilsynsmann for Rikstrygdeverket. Same år vart han sekretær for forsorgstyret og tilsynsmann for Merkeloven (registrering av fiskarbåtar). Under andre verdskrigen vart han tilsett som formidlingsmann for Direktoratet for arbeidsformidling og arbeidsløysetrygd.

Gudtorm Bugen var også tilsett som trygdesjef i Stemshaug i to periodar: 1951-1953 og 1960-1964.

Lokalhistorie

Bugen samla inn store mengder med lokalhistorie frå Aure kommune, dette stoffet skreiv han ned på skrivemaskin. Manuskripta hans finns bevarte i arkivet på Aure rådhus. Bugen har skreve fiskarsoge for Aure, og han skreiv også lokalhistoriske stykke i avisa Driva.

Kjelder