Håland (Fedje gnr 168 bnr 63)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Håland
S140.168.63.CD 08 067.jpg
Familiebilde frå Husa (bnr 63). Bak frå venstre: Olai, Marie, Einar Olsen (g.m. 1f), Olav Johan, Malvin, Margot. Sitjande framme: Ole og Anna.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 63
Adresse: Mulevegen 66

Håland er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Ole (Ingebrigt Olai) Monsen f. 1872 Husa (gnr 168 bnr 9-8g) d. 1961 g.1.g. 1894 m. Anna Olsd f. 1861 Byrknes d. 1938 (dotter av Ola Larsen f. 1799 d. 1872 og Anna Andersd f. 1823 d. 1889, sjå Gulenb. III s 220). Anna var farsøster til Ole Mikkelsen Moldøyna (gnr 170 bnr 3-18a) og morsøster til Sjur Stormark (gnr 172 bnr 30-1). Dei bygsla grunn og sette opp sitt eige hus før 1900. Dei bygde nytt hus i 1919, det gamle vart rive. Huset vart skøytt til sonen Olai i 1926. Skøyte på tomta frådelt gnr 168 bnr 10 i 1935. Ole var fiskar.

Born: a. Anne Dortea Olsd f. 1895 d. 1979, fekk med Nils Jonsen Hestenes f. 1896 Gloppen i Nordfjord d. 1934 (jf Gloppenb. IV s 31) sonen aa. Olav Johan Nilsen f. 1915 d. 2007, vaks opp her, g. 1938 m. Ruth Husa f. 1914 (gnr 168 bnr 90-1c) d. 2006, bygde på Svena (gnr 168 bnr 81). Dortea g. 1919 m. Einar Sand f. 1892 Oslo d. 1968, sjåfør, budde der. b. Olai Martin Olsen f. 1898 d. 1972, neste eigar (2). c. Karen Aletta Olsd f. 1900 d. 1988 g. 1919 m. Olav (Ole) Karlsen f. 1897 Holla i Telemark d. 1974, sjømann, budde først på Espeland i Arna, Bergen (jf Hausb. III s 193), seinare i Stavanger, dei hadde pensjonat. d. Nikolina Henrikka Olsd f. 1902 d. 1982 g. 1921 m. Theodor Johannessen f. 1893 Stormark (gnr 172 bnr 5-2f) d. 1956, bygde der (gnr 172 bnr 32-1). e. Agnes Katinka Olsd f. 1905 d. 1976 var g. 1931 Stavanger m. Lars Tangerås f. 1903 Strandebarm i Kvam d. 1978, tømmermann, busette i Bergen, dotter ea. Berit Johanne Tangerås f. 1932 d. 1994, sjå Husa gnr 168 bnr 199. Agnes budde dei siste åra i Kvam, er gravlagd på Fedje. f. Kamilla Odina Olsd f. 1907 d. 1993 g. 1938 Bærum m. Einar Olsen f. 1909 Nesodden, oppvaksen Bærum d. 1987, papirfabrikkarb., busette der.

Ole Monsen g.2.g. 1946 m. Magnhild Sivertsen f. Nilsen 1901 Stavanger d. 1963, es. oppløyst., ho reiste tilbake til Stavanger. Sonen hennar g. Olav Lauritz Markussen f. 1936 gjekk på skule her (frå es. m. Johannes Larus Markusson f. 1879 Island d. 1938 Stavanger).

2. Olai Olsen f. 1898 på dette bruket (1b) d. 1972 g. 1919 m. Josefine Marie Høines f. 1897 Skudenes, Karmøy d. 1967 (dotter av Morten Johannessen f. 1865 og Ane Olene Larsd f. 1868, jf Skudenesb. s 808). Tinglyst skøyte her i 1938. Dei budde saman med nr 1, i kvar sin ende av huset. Olai («Olemann») var fiskar, eigde m.a. i M/B «Sprett 1».

Born: a. Agnes Otilie Olsen f. 1920 d. 1999 g. 1943 m. Alfred Selvik f. 1916 Flora i Sunnfjord d. 2001, bygde på Husa (gnr 168 bnr 95). b. Malvin Oskar Olsen f. 1922 d. 1989 g. 1946 m. Gerda Berg f. 1925 (gnr 168 bnr 49-1c) d. 1995, bygde på Svena (gnr 168 bnr 144). c. Margot Oliva Olsen f. 1928 d. 2021 g. 1949 m. Otto Gullaksen f. 1926 Kopper (gnr 168 bnr 58-1a) d. 2012, bygde der (gnr 168 bnr 141).

3. Turid Storemark f. 1951 Husa (gnr 168 bnr 126-1a), sekretær skulen, g. 1973 m. Kåre Moldøen f. 1933 (gnr 170 bnr 5-18b) d. 2014, sjømann/fiskar. Skøyte her i 1974.

Born: a. Annette Storemark Moldøen f. 1973, helsesekretær, g. 2006 m. Odd Bjarne Nesse f. 1970 Arna i Bergen, siviløkonom, bustad Bergen. b. Therese Moldøen f. 1978, sjukepleiar, samb. 2004 m. Alf Bjarne Høgenæs Steine f. 1973 Norheimsund i Kvam, elektrikar, busette der.


Fedje komm.svg Håland (Fedje gnr 168 bnr 63) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Heimly (Fedje gnr 168 bnr 62) • Neste bolk: Heimly (Fedje gnr 168 bnr 73)