Hamretun (Fedje gnr 168 bnr 269)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hamretun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 229
Adresse: Kalvedalen 19

Hamretun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Fedje kommune bygde legebustad i 1983 m/hybelhusvære. Skøyte 1980 på tomt frådelt gnr 168 bnr 8 i 1976. Tomta med huset vart frådelt i 2006 med nytt bnr 443, og vart seld same året.

Leigetakarar:

6A Hovudhusvære

2. Ernst Kaare Horgen f. 1954 Bergen g. 1974 m. Torill Hermansen f. 1954 Bergen budde her frå 1983 til dei flytta til Smiholmen, sjå gnr 168 bnr 55-3, der familien er ført.

3. Arent Wiken f. 1957 (gnr 168 bnr 28-17e) g. 1990 m. Inger Steinsbø f. 1958 Bømlo budde her frå 1990 til han overtok heimebruket, sjå der (18).

6B Kjellarhusvære

4. Jannecke Monsen f. 1962 Os var den første fysioterapeuten på Fedje, frå 1987 til 1991, og var busett her. Ho flytta sidan til Bergen.

5. Jan Inge Uthaug f. 1967 Svena (gnr 168 bnr 234-1a), var busett her. Sjå Husøyna (gnr 168 bnr 204-9).

Heile huset

6. Erik Johannsen f. 1951 København, sosialkonsulent, g.m. Hanne-Marie Olesen f. 1959 Århus, sjukepleiar, begge frå Danmark, fekk skøyte på bnr 443 i 2006. Dei budde før i Alvdal.

Born: a. Martin Sofus Johannsen f. 1987, bustad Bergen. b. Rasmus Anders Johannsen f. 1988, bustad Alvdal.


Fedje komm.svg Hamretun (Fedje gnr 168 bnr 269) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kalvedalen 11 (Fedje gnr 168 bnr 260) • Neste bolk: Kåberget (Fedje gnr 168 bnr 270)