Hans Fahre mek. verksted

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Fahres fabrikk.

Hans Fahres mekaniske verksted blei starta 14. april 1919 av Hans Fahre (fødd 10. januar 1891). Verkstaden var opphavleg eit framhald av handverksverksemda som faren, Leif Jensen Fahre (gift med Malene Fahre (Bjørndalen)), hadde starta i Lundefaret allereie i 1886.[1] Verkstaden til Hans heldt til i Lunde i Nome kommune og produserte forskjellig landbruks- og skogbruksverktøy.

Historikk

Frå byrjinga heldt forretninga til i ein leigd verkstad, men i 1923 tok ein fatt på bygginga av eigen verkstad, og våren 1924 stod denne ferdig. Då etterspørselen auka, vart snart det nye lokalet for lite. Hausten 1935 sette ein difor i gang bygginga av ein større verkstad som stod ferdig i august året etter. Også denne gongen hadde ein undervurdert etterspørselen, og det vart difor bygd ein tredje verkstad som stod ferdig i 1943. Denne hadde ei grunnflate på 392 m2.

Dei fyrste åra fabrikkerte verkstaden hovudsakleg hagereiskap og tømmerverktøy, men frå 1927 tok ein m.a. til med produksjon av beslag for hesteselar. I 1935 blei det også oppretta eigen snekkerverkstad. Tanken var at ein skulle kunne produsere alle delar til verktøya, og spesialisere seg innan eit utval produktgrupper. Taktikken verkar å ha vore fornuftig. Kring 1949 produserte fabrikken kring 130 forskjellige artiklar. Den sysselsatte 28 mann, inkludert verkstadformann Olav S. Stavsholt og bokhaldar Arnt H. Fahre.

Frå 25. november 1939 blei fabrikken tatt opp som "krigsindustribedrift".

Hans Fahre grunnla fabrikken i 1919.

Kjelder

  • Haugane, Olav G., "Banken kåns" : Lunde sparebank 125 år : 1862-1987 : jubileumsskrift, Lunde : Lunde sparebank, 1987. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.

Referansar

  1. Haugane, 1987, s. 218.