Holmen (Fedje gnr 169 bnr 62)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Holmen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 62
Adresse: Kremmarholmen 25

Holmen er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Anna Kahrs f. 1901 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-4a) d. 1970 g. 1924 m. Martin Karlsen f. 1897 Muleide (gnr 169 bnr 7-3b) d. 1969. Dei budde først i Hesthaugen (gnr 169 bnr 23-1), sjå der. I 1941 vart huset flytta hit. Tomta vart utskilt frå Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 i 1952, skøyte same året frå far til Anna. Skøyte tilleggsareal bnr 61 Ertsholmen òg frådelt gnr 169 bnr 1 i 1952.

Born: a. Berta Kristina Karlsen f. 1926 d. i eksplosjonsulykke i Bergen 20. april 1944. b. Kristoffer Magnus Kahrs Karlsen f. 1932 d. 2009, neste eigar (2). c. Adele Margrete Karlsen f. 1933 g. 1959 m. Thorleif Gullaksen f. 1934 Kopper (gnr 168 bnr 58-1c) d. 1994, busette der (gnr 168 bnr 194).

2. Kristoffer Karlsen f. 1932 på dette bruket (1b) d. 2009 g. 1956 m. Marie Eriksen f. 1935 Husa (gnr 168 bnr 50-1b). Skøyte på bnr 61 og 62 i 1965. Krist, som han vart kalla, var utdanna styrmann, los frå 1960. Marie er hjelpepleiar. Ho flytta til Kopper (gnr 168 bnr 335-8).

Born: a. Betty Elin Karlsen f. 1957 g. 1981 m. Jon-Roald Fonnes f. 1952 Bergen, busette der. Sjå òg Sulo gnr 169 bnr 210. b. Linda Gunn Karlsen f. 1958 g. 1981 m. Baste Storemark f. 1954 Bergen, busette der. Sjå òg Moldøyna gnr 170 bnr 16-4. c. Arild Magne Karlsen f. 1960 g. 1986 m. Kristin Handeland f. 1965 Husøyna (gnr 168 bnr 284-1a), bygde der (gnr 168 bnr 372). Arild fekk skøyte på bnr 62 i 2005.

Det ligg eit fritidsbygg for utleige bygd i 2002 og kalla Vesthav på festenr 1 under bnr 62 (oppretta 2001), med vegadresse Kremmarholmen 27.

3. Louise Herøy f. 1959 Husa (gnr 168 bnr 90-2b), forpleiningsass., kontormedarb., samb.m. Tore Geir Knudsen f. 1954 Stavanger, stillasarb., bustad Knarvik i Lindås, Alver kommune. Dei fekk skøyte på tomta med huset (frådelt med nytt bnr 228) i 2023 saman med Thor Are og Maren. Huset vert brukt som fritidsbustad. Sjå òg Kremmarholmen 24 (gnr 169 bnr 136-1.1.).

           Barn: a. Thor Are Herøy Knudsen f. 1993, bustad Knarvik, seinare Åsane i Bergen, samb.m. Maren Sten Neset f. 1995 Trondheim, deira son Leonard Knudsen f. 2014.


Fedje komm.svg Holmen (Fedje gnr 169 bnr 62) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Bruvoll (Fedje gnr 169 bnr 60) • Neste bolk: Kræmmerholmen handelsstad (Fedje gnr 169 bnr 109)