Jacob Ferdinand Øien (1816–1873)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jacob Ferdinand Øien (fødd 22. oktober 1816 i Melhus, død 11. juli 1873 i Trondheim) var børsemakar og seinare brennevinshandlar i Trondheim. Ein kort periode i 1849 var han óg skarprettar, og det var han som avretta Maren Johanne JektvikHitra dette året.

Han var son av den svenske husmannen Carl Johansen Bielstrøm og Beret Bastiansdotter, og vart fødd på husmannsplassen Laberget under ØyanØysanden i Melhus. Då han var to år flytta familien - foreldra, Jacob Ferdinand og broren Johan Fredrik - til Skogn. Der vart foreldra bygselsfolk på Austre Halsanvaldet i Frol. Jacob Ferdinand vart konfirmert der i 1831.

I 1837 flytta han til Trondheim, der han kom i lære som børsemakar. Han fekk borgerskap med som børsemakar i 1845.

Karriera som skarprettar vart kort - truleg berre 86 dagar. Men nett i denne korte tida skulle Maren Johanne Jektvik (1811–1849) avrettast for drapet på mannen sin. Det ser ut til at alt gjekk etter planen under avrettinga. Kort tid etter vart Samson Isberg gjort til skarprettar for heile landet, og Øien gjekk attende til livet som børsemakar.

Han vart gift i Nidarosdomen den 4. september 1849 med Marie Anna Christine Stuberg (1826–1904), som var dotter av ongelmakar Dines Susemel Stuberg og Beret Marta Jonsdotter. Det hasta å gifte seg, for sonen Adolf Ferdinand vart fødd den 9. oktober 1849. Då han vart døypt i domkyrkja den 2. desember 1849 budde familien i Reipslagerveita. De flytta kort tid etter til Prinsens gate 65, der dei leigde rom.

Etter å ha flytta til Prinsens gate starta Øien opp som brennevinshandlar. Familien flytta i 1859 til Prinsens gate 59, der dei hadde brennevinsutsal og eigde bustaden sin sjølv. Paret fekk ti born, og heile åtte av dei nådde vaksen alder. Den eldste, sonen Adolf Ferdinand Øien (1849–1918) vart ein av dei fremste næringsdrivande i Trondheim i sin tid.

Han døydde i Trondheim i 1873. Enka levde heilt til 1904.

Litteratur og kjelder