Jan Kåre Aurdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jan Kåre Aurdal er fødd i Sykkylven i 1955. I åra 1999 til 2011 var han ordførar i Sykkylven kommune. Han representerte Kristeleg Folkeparti.

Si første yrkesrøynsle fekk han på Hjellegjerde Møbler der han i åra 1971 til 1978 arbeidde på stoppeavdelinga. Frå 1978 til 1982 var han ekspeditør i forretninga Sportsnytt som Oddvar Hjellegjerde dreiv.

I 1982 byrja han ved Emballasje AS i Sykkylven der han fram til 1995 arbeidde som salskonsulent. Frå 1995 til 1999 var han salssjef. Aurdal var med å utvide bedrifta sitt kundegrunnlag i møbelbransjen. Saman med marknadssjef Petter Lyshol fekk han også opp ein god portefølje innan fiskerindustrien frå 1984/85. Det var i desse åra at ringnotflåten utvikla seg. Desse båtane hadde utstyr for å lage til fisken ferdig for sal. Emballasje, som seinare vart kjøpt opp av Peterson-konsernet, utvikla då salsemballasjen for ringnotbåtane. Emballasjeverksemda fekk eit godt fotfeste i fiskerinæringa sjølv om dei opplevde langt hardare konkurranse i denne nisja enn i møbelindustrien.

Jan Kåre Aurdal slutta i emballasjebransjen då han i 1999 vart vald til ordførar i Sykkylven. Han hadde då to periodar bak seg i kommunestyret, frå 1983 til 1987 og frå 1995 til 1999.

I åra då han var ordførar engasjerte han seg også på fylkesplam og på nasjonalt nivå i KrF. Han sat i fylkesstyret i Møre og Romsdal KrF frå 2000 til 2010 og var fylkesleiar i partiet frå 2002 til 2010. I landsstyret var han frå 2000 til 2011 og i sentralstyret i KrF frå 2007 til 2011. Han var elles med i programkomiteen i KrF sentralt framfor stortingsvalet i 2009.

I åra 2005 til 2007 var han styreleiar i Ålesundregionens utviklingsselskap (ÅRU). I samme perioden var han også styreleiar i ÅRU's konsernkommuneprosjekt. I åra 2001 til 2011 var han styreleiar i Storfjordsambandet AS som arbeider for fastlandssamband mellom Sykkylven og Ålesund/Skodje.

Sidan 2012 har han vore dagleg leiar i Sunnmøre Regionråd som frå 2013 har omfatta alle kommunane på Sunnmøre.

Lokalt har Jan Kåre Aurdal i ei årrekkje vore engasjert i misjonsungdomslaget sitt arbeid. Han var mellom anna lenge med i styret ved Fjellsæter ungdomssenter. I åra 1987 til 1997 var han trenar og oppmann for fotballaget som sonen, Jan Kåre Aurdal jr., spelte på. Idrettsinteressa har følgt han heile livet. Det sterkaste engasjementet har han for skøytesporten. Han byrja å følgje med på skøytesendingane i NRK alt då han var ti år. Seinare har han knapt nok gått glipp av ei einaste skøytesending.

Jan Kåre Aurdal er gift med May Lisbeth Hovlid Aurdal frå Stranda.


Kjelde

  • Jan Kåre Aurdal i samtale med Eldar Høidal.