Jens Ragnvald Lexow Breck

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Uranienborg kyrkje, Oslo, 2014. J.R. Lexow Breck verka som prest her i 28 år.
Foto: Stig Rune Pedersen.

Jens Ragnvald Lexow Breck (fødd i Hattfjelldal 2. november 1871, død i Oslo 28. november 1959) var prest i den norske kyrkja. Frå 1913 til han gjekk av med pensjon i 1941 var han fyrst hjelpeprest og så sokneprest i Uranienborg kyrkje. Han var sterkt engasjert i kristeleg foreiningsarbeid og med song og musikk. Han hadde dessutan ein høg grad i Den norske frimurarordenen.

Bakgrunn og familie

Han var son av sokneprest Torgeir Bræck (1837–1915) og hustru Henriette Aminda fødd Lexow (1847–1916). Jens Ragnvald hadde ein yngre bror, Sigurd (1873–1899), som vart gartnar.

Dei fyrste 4–5 åra av Jens Ragnvalds liv budde familien på prestegarden i Hattfjelldal. Så flytta dei sørover, til NannestadRomerike, der faren var residerande kapellan frå 1876 til 1885.

Jens Ragnvald Lexow Breck gifta seg i 1897 med Berthe Bache-Wiig (1874–?). Ho var fødd i Trøgstad, dotter av brukseigar og industrigründar Hartvig Bache-Wiig og Amalie fødd Holt. Jens Ragnvald og Berthe Breck fekk tre born: Elsa, fødd på Eidsvoll 1898, Sigurd, fødd i Kristiania 1901 (han døydde som spedbarn) og Ingeborg, fødd i Kristiania 1903.

Skulegang og studiar

Breck mintest at han hadde huslærar heime, m.a. for å lære engelsk og latin. I 1886 måtte han på skule i Kristiania for å ta middelskoleeksamen. Han tok examen artium i 1889 etter to år ved Aars og Voss skole. Han hadde ikkje så gode minne frå gymnastida: «Jeg var jo ikke skolevant; som følge av huslærerundervisning hadde jeg adskillige huller; især var historien slem. Rentutsagt staar de 2 aars gymnasietid for mig som en plagsom tid.»[1]

Breck tok teologisk embetseksamen i 1895 og teologisk practicum året etter. Rett etter embetseksamen tilbringa han mykje av eit år i Tyskland for å studere praktisk teologi.[2]

Den geistlege karrieren

Prestestillingane til Breck er oppsummert som følgjer:

  • 1898–1901: Personellkapellan i Eidsvoll.
  • 1901–1904: Prest i indremisjonen i Kristiania.
  • 1904–1910: Hjelpeprest i Garnisonsmenigheten, Kristiania.
  • 1910–1913: Personellkapellan hjå Kristiania stiftsprost (Vår Frelsers menighet)
  • 1913–1917: Hjelpeprest i Uranienborg menighet, Kristiania/Oslo.
  • 1917–1926: Res. kap. i Uranienborg menighet.
  • 1926–1941: Sokneprest i Uranienborg menighet.

Kristeleg engasjement utover prestetenesta

Under studieopphaldet sitt i Tyskland hadde Breck lagt særskild vekt på ungdoms- og indremisjonsarbeid. Dette gjorde han seg nytte av som prest i indremisjonen, men også i organisasjonsarbeid som sekretær i Kristiania sedelighetsforening (Oslo moralvernforening) 1902–1920, og som styrar (husfar) ved Studenterhjemmet i Underhaugsveien i Oslo 1904–1909.

Frimurar

Breck vart oppteken i Den norske frimurarordenen i 1912. Han gjekk oppover i gradene, slik det vart oppsummert i ei minnetale ved hans bortgang: «Han ble opptatt i 1. gr. i 1912 og ble Ridder og Kommandør med Det Røde Kors i 1934. I mange år var han embedsmann i Johs. Logen St. Olaus til de tre Saler, ble i 1934 utnevnt til Landslogens Store Taler og i 1945 til Vikar for Ordenens Høyeste Prelat. I denne stilling fungerte han til 1956.»[3]

Musikalsk interessert

Breck var interessert og kunnig i musikk med fokus på den kyrkjelege bruken. I 1918 starta han gutekoret Korguttene. Frå september 1920 til mai 1921 var han i Roma, m.a. for å studere kyrkjemusikk. Han var styremedlem i Filharmonisk selskap 1928–1931 og nestformann i Kirkesangerforbundet for Oslo bispedømme (1931–?). Han komponerte også litt sjølv.

Referansar

  1. Studenterne 1889 (1914).
  2. Studenterne 1889 (1914).
  3. Meddelelser fra den norske frimurerorden nr. 1 1960, side 2.

Kjelder og litteratur