Johannes J. Telle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Johannes J. Telle (fødd 3. juni 1853 i Sund kommune, døydde same stad 8. februar 1940) var lærar og gardbrukar. Han var utdanna ved Stord Semiarium, Stord lærarskule, i 1873. Den første lærarjobben hadde han på Moster i Bømlo kommune frå 1873 til 1875, og deretter var han lærar i Sund kommune, no Øygarden kommune, frå 1875 til han pensjonerte seg etter 50 år i skulen i 1923. Ved sida av skulearbeidet dreiv Telle eige småbruk og laksefiske med not.

Telle var gift med Elisabeth Bertine Kristiansdatter Spilde, f. 1860. Dei hadde sju barn.

Dei 16 første åra i Sund var han omgangsskulelærar i skulekrinsane Tælavåg og Pollen. Tælavåg fekk sin første fastskule i 1891, og her underviste han til 1923.

I 1913 var Telle var med og oppretta Sunnhordland Museum på Leirvik på Stord. Han sat i heradsstyret eit par periodar.


Kjelder og litteratur

  • Grove, Vigleik: «Tela-skulen. Ein trufast slitar i skulen gjennom 50 år.» I Wangensteen, Egil (red.): Grunnskolen i Noreg 250 år. Glimt frå Hordaland. Utg. av Skoledirektøren i Hordaland 1989.