Kasjmirgeit

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kasjmirgeit med kje på Tustna.
Foto: Olve Utne (2012).

Kasjmirgeit er fellesnamn for ymse geiterasar som gjev kasjmirull — ei botnull av særleg fine fiber. I Norge vart dei aller første kasjmirgeitene importert frå New Zealand av Landbrukshøgskolen (frå 2005 Universitetet for miljø- og biovitenskap) i 1993 i samband med eit forskningsprosjekt, og seinare har det vorte importert sæd frå Skottland. Norsk kasjmirlag vart stifta i Aberdeen i Skottland den 31. august 2003. Rasestandarden for norsk kasjmirgeit vart utarbeidd som ein del av eit forskningsprosjekt i perioden 2004–2008. Kasjmirgeitene har generelt god helse; dei er rolige av gemytt og har eit sterkt flokkinstinkt. Dei er relativt lett å halde inngjerda så lenge dei har eit interessant beiteområde der det er godt med mat. I tillegg til ull- og kjøttproduksjonen er landskapspleie, inkludert vedlikehald og restituering av kulturlandskap, eit viktig bruksområde for kasjmirgeitene.

Bildegalleri

Lenkjer

Denne artikkelen trenger kjelder.