Kjeldearkiv:Austevollkyrkjene og tradisjon i tilknyting til dei

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Minneteksten «Austevollkyrkjene og tradisjon i tilknyting til dei» er skriven av Rolf. R. Skre etter ei samtale med kyrkjetenar Hallvard Bjånes i 1971. Teksten stod på trykk i tidsskriftet Bjørgvin. Kyrkjesogelaget 1971. Bjånes heldt foredrag om historia til Austevoll-kyrkjene på prostimøtet til Midthordland prosti i 1970. Foredraget gjorde så sterkt inntrykk på tilhøyrarane at medredaktør for tidsskriftet, Rolf Skre, vart sendt tilbake til Austevoll for å intervjua Bjånes. Skre har lagt til nokre få sitat frå B. E. Bendixens bok frå 1904: Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt.

Minneteksten stod på trykk for over 50 år sidan, og det er difor knytt fotnoter til teksten. Dei vil mellom anna få fram fleire nødvendige opplysningar om kyrkjene og kyrkjestadene i kommunen, og gje ei lita oppdatering av innhaldet.

Hallvard Bjånes (1892-1981).
Foto: Ukjent fotograf

Hallvard Bjånes (1892-1981) fortel:

Den eldste Austevolls-kyrkja stod på Sandtorr, eller Sandterr, som det heiter i bygdemålet her. [1]. Kva tid ho vart bygd, er det no visst ikkje nokon som har skikkeleg greie på. [2].  Men det var ei stavkyrkje.

Kongevitjing i Sandtorr-kyrkja i 1240

Det vert fortalt at det ein gong var ein konge som var til messe i Sandtorr-kyrkja. Han låg og rak i stilla på Krossfjorden - det gamle Hardsjø – då dei høyrde kyrkjeklokka ringde frå Sandtorr. Då ville kongen til kyrkja og høyra messa. Eg undrar meg på om det ikkje var Håkon Håkonsson dette. So rodde dei etter lyden. Det er eit sund der i nærleiken av Krosshamn som dei rodde gjennom (sørom Skorpo), og det var visstnok kongen som gav namn til sundet: Kyrkjesundet [3].

Det er forresten fleire stader dette namnet finst. Her bortmed Storholmen er ein plass som heiter Kyrkjesundet. Det rodde dei gjennom når dei skulle til kyrkja på garden Austevoll. I Fitjar er òg eit sund som heiter Kyrkjesundet.

Sandtorr-kyrkja vart flytt til garden Austevoll på Hundvåko

Kyrkja på Sandtorr vart flytt til Austevoll på Hundvåko i 1635, og nokre av materialane frå Sandtorr vart brukte til våpenhuset der. Det var noko strid om kor dei skulle byggja den nye kyrkja den gongen, men den striden løyste seg på ein uventa måte. Det fortelst at då dei flota tømmeret frå Sandtorr og sørover, kom det storm på dei. So kom dei seg inn på ein våg som heiter Hauglandsvågen, og der fortøydde dei tømmeret. Men om natti rauk det opp ein kuling frå søraust, og om morgonen fann dei tømmeret att på Austevollshella. Då såg dei det soleis at det var høgare makter som hadde gripe inn og bestemt at kyrkja skulle byggjast der, ikkje på Storebø, som dei fyrst hadde tenkt, men på garden Austevoll. Og slik vart det. Det nye tømmeret dei trong, hadde dei kjøpt i Lysefjorden, og det må ha vore fine tre der inne.

Krabbekyrkja

Det var eit sernamn på denne kyrkja. Dei kalla henne Krabbekyrkja. Dei fortalde at då dei skulle ta tømmeret i land, so sat det ein krabbe på det. Men dette namnet – eg kan ikkje anna forstå enn at ho må ha teke namnet med seg frå Sandtorr. For på gamle hollandske kart er kyrkja på Sandtorr nemnt Kreps Kirche. Og eg veit at ein gong medan Svein Buggeland [4] var prest her, fekk han eit brev frå ein gamal prest som spurde etter denne Kreps Kirche. Han ville vita om det var namnet på ei kyrkje eller namnet på ein stad. Då bad Buggeland meg skriva noko om dette namnet. Og eg kunne fortelja etter far min og dei gamle at dei kjende godt namnet Krabbekyrkja, og visste at det var namnet på kyrkja vår.

Olrich-slekti kjem til Bakholmen

Men so var det óg snakk om ein stad som dei kalla Baggeholmen. Eg kan ikkje anna forstå enn at det må vera Austre Bakholmen her borte. Det var eldste handelsplassen i Austevoll. Han ligg i leidi nor – sør, og det var ofte seglskip måtte liggja verfast der. So var det ein gong på 1600-talet det kom ei hanseatarskute og vart liggjande verfast ved Bakholmen. Skipperen var frå Lübeck og heitte  - eg trur det var Berent Olrich. Han vart gift med dotter til han som åtte handelen, Mikkel på Holmen kalla dei han. Og slekti deira budde der og hadde handelen i lang tid. Dei gav fleire ting til kyrkja. Det er ei ljosekruna, den som heng nærast koren i kyrkja her på Storebø no, som er gjevi av ei av desse Olrich-ane, Michael Olrich – son til Berent – og kona hans Maren. Olrich-ane åtte kyrkja i mange år (frå den tid Frederik 4. selde kyrkjene i 1720-åri), og kyrkja var i privat eige like til 1850-åri. Då vart ho kjøpt attende til heradet.

Kyrkja vart flytt andre gongen

Austevoll-kyrkja hadde høg reising med pannetak, men utan tårn. Ho var bygd som tømmerkyrkja (liggjande stokkar), men våpenhuset var av ståande stavar frå Sandtorrkyrkja. Utanpå var ho tjørebrædd, men inni var ho «skjønt stafferet og malet». [5]. Kvar gard hadde sin «stol» i kyrkja, og gjævast var «Holmastolen» [6]. Klokka hekk i våpenhuset. Der stod dei og ringde. Kyrkjeskipet var 20 x 14 alner, koret 12 x 10 alner og våpenhuset 6 x 5 alner. [7].

Det gjekk ei tid. Då vart det avgjort at dei ville ha ny kyrkje, og ho vart reist på Storebø på Huftarøy i 1891. Og so måtte gamlekyrkja seljast på auksjon. Det var syrgjeleg, særleg for dei gamle. Kyrkja stod høgt hjå dei, og det var nett som heimen var vekke, då dei reiv og flytte kyrkja. Eg hugsar ho mor. Ho snakka mykje om dette, og ho hadde god evne til å fortelja. Mange gonger har eg trega på at eg ikkje heldt fast på det ho fortalde og skreiv det ned. No er det heilt borte frå minnet. Men hadde eg håtta på det mor fortalde, so hadde eg visst siste salmen dei song i Austevollskyrkja.

Mykje vandalisme

Ja, kyrkja kom på auksjon og vart seld noko hit og noko dit. Dei brukte materialane i grisehus og florar og andre uthus, og det var mykje vandalisme. – For nokre år sidan var eg på vegarbeid på Troland. Då skulle me riva ein gamal potetkjellar, ein jordkjellar med eit par omfar med tømmer oppå. Då var det so merkeleg store stokkar i dette, og so var dei rosemåla. Stokkane var 15 tommar breide og 5 tommar tjukke. Såg ut som nytt, berre al. [8] Det var ein på Troland som bygde ein flor av kyrkjetømmeret. Dei fortalde at det var so hardt, det var mest umogeleg å få korkje øks eller sag til å bita på det.

Soga om altarskåpet

Før dei reiv kyrkja i 1890-åra, var folk frå museet og Fortidsforeningen [9] ute og såg på henne. Dei fann ei kyrkje som var mykje rikare dekorert enn dei hadde tenkt, og «især koret var så rigt udstyrt, at dens mage næppe har været i disse egne» [10]  No ville dei gjerne ha heile kyrkja. Men det var dagen før auksjonen, og dei hadde ikkje budd seg på dei kr. 1000,- som var forlangt. So stod det ikkje til å berga kyrkja.

Men det beste av inventaret fekk dei med seg til Kulturhistorisk museum i Bergen, og fyrst og fremst eit fint altarskåp. Eg har sett det der. Altarskåpet er eit hollandsk arbeid frå omlag 1500. [11] Det fortelst at eit hollandsk farty hadde altarskåpet med, og det var bestemt til ei onnor kyrkje. Men so kom skipet i havsnaud her utanføre, og då lova dei å gjeva altarskåpet til den fyrste kyrkja dei kom til, om so var at dei vart berga. På den måten kom skipet til Sandtorr-kyrkja, «Krabbe kirche» eller «Kreps kirche» på hollandske kart. Det er gjerne fleire stader ei slik soge er fortald, det er ikkje godt å vita. Men dette skåpet kom no til Sandtorr og derifrå til Austevoll. Dei selde det – eller gav det – til Bergens museum det seiest for kr. 20,-. [12]. Det var ein Olafsfigur óg i kyrkja. Olav sat med kruna på, og sume andre ting.

Rolf R. Skre føyer til dette som B. E. Bendixen skriv i boka Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904:

«Nicolaysens korte bemærkninger giver intet begrep om kirkens rige udmaling. Billederne er udført i limfarve. På skibets langsider synes væsentlig at have været malet landskaber og blomster, men taget og især koret var så rigt udstyret at dens mage næppe har været i disse egne, i alfald i senere tider. Filialafdelingens besøg gik ud på at avhente, hvad der gjennem den var afstået til Bergens Museum, og man havde ikke anelse om at finde et så rigt udstyr i kirken. Dessverre var auktionen over den bestemt til den følgende dag, og med den frist var det umuligt baade at faa sagen udsat og at skaffe til veien kjøbesum, som forlangtes, nemlig kr. 1000,-. Kirken stod da ikke længer til at redde.

--- Til Bergens Museum er fra kirken indkommet et træbillede af St. Olaf, det var fæstet på skibets nordre væg. Helgenen fremstilles siddende i en stol med bagstykke, der oventil har en gavlformet afslutning, forsiret med krabber. Han er kronet, holder i den venstre på knæet hvilende haand en kugle eller maaskje underdelen af ciboriet (relikvikaret), medens det andet attributt mangler. Under fødderne ligger, som sædvanlig, uhyret med det kronede menneskehoved (hedenskabet)---.

---Det praktfuldeste stykke herredstyrelsen har skjænket museet er dog alterskabet af eiketræ, fullstændigt bevart med sine fløidøre og sin predella---.»

Kaldt i gamlekyrkja

Det var mange gonger kaldt i gamlekyrkja, for der var ikkje omn. Eg hugsar mor fortalde om det. Det hende at gamlepresten måtte stå med vottar på seg når han stod på preikestolen. Og so hadde han ein kalott på hovudet. Nei, det var ikkje nett noko varmt, det var det ikkje. Men so var det fullt med folk, og det gjorde at det vart noko lunt likevel. Dei var no vane med litt av kvart, dei gamle. Dei visste ikkje noko betre. – Det var jamvel sume som ikkje ville ha omn i den nye kyrkja på Storebø heller (1891). Makelaust for nokre krykkjer dei var no for tidi, at dei ikkje skulle klara å sitja eit par timar i kyrkja utan ha omn!

Over sjø og land til kyrkja

Austevoll er eit øyrike med folket spreidd på mange øyar. Når dei skulle til kyrkja, måtte dei sigla eller ro, dei som ikkje nett budde på den øyi der kyrkja stod. Og dei var ikkje kvidne. Mor var frå ein gard søranpå Storebø som heiter Teigen. Dei hadde kyrkjelag med ein husstand som budde i Såtendal, lengst sør mot gamle grensa til Fitjar – på austsida (av Huftarøy). Dei frå Såtendal rodde austanpå land nordover til austre Bøvågen, og so gjekk dei over Storebø fram til Teigen. Når so mor og dei kom ut i halvåtte-tidi om morgonen, so sat hine ut med veggen. Nei, dei var ikkje seine på ‘an. Og so bar det i båt att, og dei siglde og rodde over til Austevollshella og gjekk derifrå opp til kyrkja. Og full kyrkja var det visst støtt.

Lesarborni måtte sigla og ro til Sund

Når ungdommen i Austevoll skulle gå for presten, måtte dei til Sund, for Austevoll var enno anneks til Sund. Det var ikkje billeg. (Frå Selbjørn lengst sør i Austevoll er det 2 ½ gamal norsk mil til Sund, ca. 25 km eller 13 ½ nautisk mil, sjømil, dvs. 1852 meter). Men du veit, når borni kom so i konfirmasjonsalderen, vart dei rekna for vaksne folk både då og seinare. Og same kor veret var, so kom dei no fram. Det var so ymse kor mange dei kunne vera på kvar båt. Men dei kunne ikkje vera so få. Dei bar godt desse båtane. Eg veit ikkje av at det hende noko gale med konfirmantane, endå det mange gonger var ruskje ver.

På Sund måtte dei losjera seg inn. Dei var der to dagar i slengen. So siglde eller rodde dei nord den eine dagen og losjerte seg inn til neste dagen, då dei skulle heim att. Dette var slik då mor mi gjekk og las. Kvar fjortande dag måtte dei i veg til Sund. Men dei vart konfirmerte i Møkster- eller Austevoll-kyrkja.

Gamle Greve og presteskyssen

Ein prest var her i 50 år. Gamle Greve kalla dei han. [13] Det var ikkje aldersgrense då, og han var svært gamal på slutten. Han døydde i 1883. Gamle prost Greve hadde personellkapellan dei siste åri han levde. Dei to siste åri han levde var Torkildsen [14] kapellan, som seinare vart biskop i det dåverande Kristiansand stift (Agder bispedømme), og deretter Johannes Siqveland [15]. I bygdebok for Sund av Johannes Evensen står det om prestane i Sund. (Austevoll var anneks til Sund den gongen.)

Den andre gamle kyrkja i Austevoll stod på Møkster. Det var óg ein tømmerbygning utan tårn og såg nærast ut som ei stor løa. So ein gong skulle prost Greve til Møkster til gudstenesta, og ei dama frå prestegarden var med. Då dei nærma seg Møkster, spurde ho om denne løa. Ein av skysskarane svara at det ikkje var ei løa, det var kyrkja, og prosten såg opp frå bakskuten der han låg nedbreidd og sukka og sa: «Akk ja, den ser dessverre ut som en lade.»

Prost Greve tok seg av lesarborni sjølv. Dei gjekk no ikkje alltid so stilt, veit du. Og når dei skulle inn i kyrkja, so seier han: «Stille, stille børn. Husk her er Guds hus og himlens port, herfra det går en stige -. Ja, ikke slik en stige av jern eller tre, men av ord og sakramenter gjort alt opp til himmerige» . Og dette sat. Det var ikkje lang preik, men dette hugsa dei. I Guds hus sømde det seg at dei gjekk stilt i dørene.

Det var no mange originalar og i kyrkja. Det var ein som fylgde so levande med når han sat og høyrde på gamlepresten. Rett som det var, so murka han med seg sjølv: «Nett som du sa, so meinte eg!»

Dei brukte seksæring til skyssbåt for presten, og so var dei fire eller tri skysskarar. Ein gong dei skulle til Møkster, hadde det nett kollsiglt ein båt på Krossfjorden nordanpå Bakkasund. Ein av skysskarane var ein svær kraftkar dei kalla Jens under Brotet. Når dei hadde han i båten, so skulle det jamen noko vér til for ikkje dei skulle ta på og koma fram. So skulle dei heim frå Møkster. Då hadde det teke til å blåsa opp, og då dei kom nord på fjorden, so seier Greve: «Nu må du være forsiktig, Jens. Husk på dem som kullseilte her.» - Svara Jens, han berre sputta ut over æsingi: «Da va kje eg so styrde dar!»

Han kunne vera uvyrden i munnen denne Jens´n, og presten snakka ein gong til han for det. Det var eit skag der dei siglde då, og so var det visst litt sjø óg den dagen. Og so stod Jens og styrde i næraste laget, slik at det brekka etter dei, og det kom visst litt sjø inn i båten til dei og. Han læst ikkje forstå, han. Men presten fekk seg ein skrekk i livet og snakka om det sidan. Dei fortalde presten hadde sagt at nest Vårherre kunne dei takka Jens for at dei kom heilskinna frå det den gongen. Og Jens’n, han sat og småhumra med seg sjølv.

Det hende at presteskyssen overnatta i Krosshamn på heimvegen til Sund, dersom veret var for gale til å koma over Krossfjorden. Elles stod det ikkje på presten. Dei hadde ein seksæring, og presten breidde dei godt ned i bakskuten. Han hadde ikkje nokor naud soleis. Og desse oselvarane greidde seg utruleg lenge, både seksæringar og færingar. Det er verre med plastbåtane som dei brukar so mykje no. Dei skal vera so støe, seier dei. Men dei er so alt for lette. Det er ikkje noko tyngd i dei. Nei, oselvarane – dei kunne klara seg anten ein siglde eller rodde, og om dei kvelvde, so sokk dei ikkje.

Austevoll vert skild frå Sund

Då Sund fekk to prestar, skulle den residerande kapellanen bu i Austevoll. Fyrst på Troland. Men sidan vart det bygd prestebustad åt han her på Storebø, so me fekk prestebustad før kyrkja vart flytta hit. Då måtte me ha presteskyss her óg. Far var med presteskyssen i mange år, og det var ikkje so jamnt messefall. Men då res. kap. kom, fekk han seg motorbåt og var maskinist sjølv, so presteskyssen fekk fri. Men det hende at motoren slo seg vrang, og då vart det messefall ein gong iblant. Meir skulle det ikkje til før båten vart heitande «Messefallet». I 1910 vart so Austevoll eige prestegjeld, og Laland vart fyrste soknepresten her. <[16]

Noko gamalt utstyr i Storebø-kyrkja

Det var ymse ting i gamlekyrkja som fylgde med til Storebø då dei bygde der. Der er ei sylv oblatøskja med tysk innskrift på loket: «Zu Gottes Ehren und das Heilige Altar zum Zirat hat Michael Olrich und seine Frau Marren Bendtz Dochter dieses Vorher zu Østervolds Kirche 1698.» Michael Olrich og fru Maren var syskenborn. Ho var dotter til ein handelsmann sør i Finnås, so dei åtte der og. Han fekk fleire handelsplassar med henne.

Den seksarma ljosekruna fylgde og med til Storebø-kyrkja og er i bruk den dag i dag. Ho er gjevi seinare – etter Michael Olrich var død – og på den står: «Denne kronen er foræret af – Maren sal. Michael Olrichs til Østervold kirke. Ao. 1728, d. 22. Sept.» Forutan det som her er nemnt, var det mykje fint altarutstyr som vart teke med til den nye kyrkja. Klokka hadde dei óg tenkt å taka med. Men ho høvde ikkje saman med den nye klokka dei fekk til Storebø-kyrkja. Dei stemte ikkje saman. So let dei gamleklokka hengja som ringeklokka på den gamle kyrkjegarden. Den nye Storebø-klokka er ei stålklokka støypt av «Bochumer Vereim 1890».

Preikestolen vart lagd inn på eit loft i ein butikk her med sjøen. Men so brann butikken i 1945, og då brann preikestolen óg. Det var ikkje utskjering på han, var berre rosemåla, og det var ikkje so flott fråseggjort heller. Men det var no det same. Det var ei fattigbørsa her som stod lenge ute i kyrkjegangen. Det var tett i tett med jarnband på henne, og ho hadde tri lyklar. Ein gong eg opna henne, fann eg tri øre og ein knapp. Offerpose har me óg hatt, og stongi er her enno. Her var og eit lite glasmålarstykke, omlag ein halv meter høgt. Det skulle vera av byggmeisteren som bygde Austevolls-kyrkja på Hundvåkøy. Det stod i altarskåpet. Men då dei måla kyrkja for nokre år sidan, hadde målarane sakene sine i dette skåpet, og då vart biletet knust.

Det finst ei brudlaupsvisa om eit brudlaup dei heldt i Olrich-huslyden i 1722. Kor bruddommen var frå, veit eg ikkje, men han var handelsmann og heitte Jens Hansen Meyer. Bruri heitte Anne Malene Olrich. Visa tek til med å fortelja at brudlaupet «va haldandes og standandes på Austre Bakholmen midt i veko på ein myrke Merkedag.» Han som skreiv, prøvde å skriva på austevollsmål, men eg veit ikkje kor godt han meistra det. Han kalla seg «Niman de Nusquam» (fritt utlagt: Ingen frå Ingenstad.) [17]

Olrich-huslyden var gravsett under golvet i gamlekyrkja. Då dei reiv kyrkja, stod det omlag 50 kister der – uppå jordi under golvet. Dei vart nedgravne i kyrkjegarden, og ingen veit no kvar dei ligg.

Kyrkjene i den gamle Våg skipreide

I den eldste tidi er desse kyrkjene nemnde i den gamle Våg skipreida: Tysnes, Sandtorr, Møkster og Fitjar. Kyrkjene stod soleis i utkantane, og det kom av at det var der folket budde. Fyrst i seinare tid kom det noko serleg folk, t.d. her på Huftarøy. For halvtanna hundre år sidan var her ikkje so mange. Her i Austevoll sette dei seg utpå nesi eller dei ytste øyane. Det var lenge folk der ute såg litt ned på folk som budde lenger inne, og det var laksen som gjorde det. Laksefisket gav velstand. Berre dei hadde gode hamner der ute, ville folk heller bu der, for der var dei nærare fisket.

Det har lenge vore snakk om kor Våg var som her har gjeve namn til skipreida. Det er eit Våge på Stolmen, som sume meiner har vore sentrum. Men eg meiner det er ikkje tale om eit sentrum har lege so langt ute. Det må vera Våge på Tysnes som har vore samlingsplassen. Det låg lenger inne og var tryggare. Det var ikkje nett so trygt utmed havet. Skogen stod tett utover alle øyane den tid, og der var det lett for sjørøvarar og illgjerningsmenn å løyna seg. Og so herja dei. Då so skogen brann på øyane her ute, fortel dei, bad folk i kyrkjene at han ikkje måtte veksa opp att. Og dei vart no bønhøyrde i det. [18]

Store ulukker på kyrkjeveg

Det var ein gong eit brurafylgje frå Tysnes eller Reksteren eller kor det no var som skulle til Austevoll og vigja seg. Dei gjekk over Huftarøy der det er eit stort vatn dei kallar Kvernavatnet. Det var is, men den var for veik, og so gjekk dei gjennom. Det var austanfor Storebø. Det er sagt at isen ikkje skulle vera trygg der sidan. Men det er ein høg haug der som heiter Storhaugen, og nett nedføre ein slik haug plar det ikkje vera so trygt. Det er i alle fall lenge før det vert trygg is.

Hausten 1880 hende det ei fælsleg ulukka i eit brudlaup på Storebø. Det var dobbeltbrudlaup. Den eine brudgommen var jekteskipper Peder Olsen Storebø, g.m. Brita Våge frå Stolmen. Og so var det eit par som skulle «gå inn med dei», som det heitte. Brudgommen var frå Strøno, og bruri var frå Drøni. Til kyrkja, som stod på Austevoll då, hadde dei ein notabåt, ein storebåt dei kalla, til brurabåt. Men då ikkje alle fekk plass i brurabåten, var det nokre av gjestene som kom etter i ein seksæring.

Då dei var heimattkomne og var ferdige med brudlaupsmiddagen, skulle ho frå Drøni og brudgommen hennar ein tur ut til Drøni og syna seg for mor hennar, som var sjuk og ikkje kunne vera med i brudlaupet. Bestefar til handelsmann Wilhelm Notnes her på Storebø, Halvor Ingebrigtsen Skår, ein mann frå Drøni og to jenter skulle vera med. Dei siglde på den same storebåten som dei hadde brukt til kyrkjebåt. Dei var komne nett ut med Drønslandet og skulle gjera ein liten baut før dei la til lands. Då kom det brått ei kastevindsflaga so dei kollsiglde. Båten gjekk til botnar, og berre mannen frå Drøni vart berga. Båten vart seinare sokna opp att, og då sat bruri framleis bak i båten med kruna på. Halvor Skår fann dei óg. Brudgommen og dei to jentene vart aldri funne. Notbas Nils Bjånesøy var ein av dei som var med og sokna båten opp att, og det var han som fortalde at bruri framleis sat i båten og hadde kruna på. – Mor var med i dette brudlaupet. Ho fortalde ofte om kor trist det vart etter denne hendingi.

Gravferdsskikkar

Eg kan hugsa frå barndommen min at dei gjekk med kista ein gong rundt kyrkja før dei gjekk på gravi, og dei gamle fortalde at før gjekk dei tri gonger rundt kyrkja. Ein annan skikk óg hugsar eg dei fortalde frå eldre tid. Dei brukte alltid halm i sengene, og liket låg då på halm. Denne halmen – likhalmen – skulle brennast. Men so etla dei noko att. Når dei so gjekk til kyrkja, eller til sjøen, med liket, so gjekk ein mann etter kista og brende dottar av halmen  med han heldt halmen i hendene. Dei var alltid so redde for at dei døde skulle gå igjen. Dei måtte ikkje koma til gards att. Sume stader hadde dei særskilde dører som dei tok liket ut gjennom, og som dei sidan ikkje brukte. Og når dei so kom til kyrkja, so gjekk dei tri gonger rundt kyrkja før dei sette liket ned. - Det var om lag år 1900 eg var med og gjekk rundt kyrkja med kista. Det var her på Storebø.

So hadde kvinnene eit plagg som dei særleg brukte ved altergang, men dei brukte det ved gravferd óg. Det var eit skaut eller laken som dei la over hovudet so det fall ned over ryggen i ein trekant. Dei brukte det lenger i Fjell og Sund enn her. Eg såg slike ein gong i 1922 i Fjell kyrkja (dei kalla det sparlaken). Mor hadde eit slikt, men det fekk ho med seg i kista då ho døydde i 1944.

«Fornemme folk» brukte gråtekoner med kvite laken ved gravferder i gamle dagar. Kvinnene hadde tiner til bøker og plagg, fine rosemåla tiner med namn på sida. Her stod ei lenge etter mor. Og salmeboki hennar hadde gull på framsida og fine kantar og ei hempa til å lata henne att med. Det var ei Landstadbok.

Kingos salmebok vart i 1882 skifta med Landstads salmebok (som kom ut fyrste gongen i 1869). Men det stod strid om salmeboki i mange år. Det var sume som ikkje på sett og vis ville vita av den nye. Dei song songane etter Kingo, medan hine song etter Landstad. Eg skjønar ikkje korleis dei fekk det til, for salmane er ikkje like i dei to bøkene. Men du veit, når tonen er den same, so går det nok. Det var helst folk som høyrde til ei slekt som kalla seg Den jarlsbergske frimenighet. Dei var so mange ei tid at dei jamvel hadde eigi kyrkja i Hestvik utmed Bussesund. Men flokken minka bort, og dei fleste skreiv seg inn att i statskyrkja. Dei fyrste var komne frå Sørlandet og Austlandet. Den bibelomsetjingi dei brukte, var ei frå 1744. Her var nokre av «Hauges venner» óg, men det er litt annleis. – Då me tok til å syngja nynorske salmar i kyrkja, var det litt motstand mot dei óg.

Møkster kyrkja

Den andre gamle kyrkja i Austevoll er nemnd fyrste og einaste gongen i gamle skrifter i 1360. [19] Det var óg ei stavkyrkja, men elles veit me lite om henne. Det var i 1686 bygd ei ny tømmerkyrkja på same staden, og då har dei brukt stavar frå den eldste kyrkja i våpenhuset, nett som dei gjorde i Austevoll-kyrkja i 1635. Ho var mindre enn Austevolls-kyrkja og hadde heller ikkje tårn. Ho var tjørebrædd utanpå, men inni var ho «smukt malet» av «almuen» i 1718. Men utstyret var ikkje so rikt som i Austevoll.

Same året som dei flytta Austevoll-kyrkja til Storebø, flytte dei Møkstra-kyrkja til Kvalvågen på Stolmen. Og framleis same året – i 1891 – bygde dei kapellet på Store Kalsøy. Det var soleis eit stort lyft Austevoll-buarane gjorde det året, med det at dei reiste tri kyrkjer på ein gong. Bekkjarvik kapell høyrer óg til Austevoll no. [20]

Kyrkjegarden på Møkster er i bruk enno, og den gamle klokka heng der som ringeklokka i gravkapellet. [21]. Elles er det kyrkjegard ved alle kyrkjene, og endå ein frittliggjande på Selbjørn.»

Referansar

  1. Den offisielle skrivemåten er Sandtorv
  2. Første gang nemnt i 1240. Sjå Hoff, Anne Marta og Ola Storsletten: Austevoll kyrkje: https://norgeskirker.no/wiki/Austevoll_kyrkje
  3. Rolf R. Skre skriv i fotnote: Kong Håkon Håkonsson var til messa i Sandtodra kirkja andre påskedagen 1240. Han var på veg sør gjennom leidi med floten sin og skulle møta hertug Skule – siste gongen.
  4. Svein Buggeland var sokneprest i Austevoll 1954-1961
  5. Sitat frå Bendixen 1904
  6. Kyrkjebenken til folket frå Bakholmen
  7. Måla sitert etter Bendixen 1904. Ei alen = 0,63 m
  8. Dette var utvilsamt tømmer frå kyrkja.
  9. Styret i Fortidsforeningen i Bergen
  10. Sitat frå Bendixen 1904
  11. Kausland, Kristin: «Austevoll kyrkje sitt altarskåp frå seinmiddelalderen – det einaste i sitt slag». I Rakved frå Austevoll. Lokalhistorisk årsskrift 2015.
  12. Bendixen 1904: «Herredstyrelsen har skjænket musæet alterskabet»
  13. Namnet hans var Johan Fritzner Greve (1799-1883), og han var sokneprest i Sund 1833-1883 og prost i Nordhordland og Midthordland frå 1856. Han blei riddar av St. Olavs orden i 1874.
  14. Gunvald Christian Bernhard Thorkildsen
  15. Frå 1878 til 1886
  16. Jonas Theodor Laland var sokneprest i Austevoll frå 1910 til 1916.
  17. Visa blei trykt i Syn og Segn nr. 3, 1904.
  18. Skre si fotnote: «Til Våg skipreide høyrde det som no er Fitjar og Austevoll, og truleg noko av Tysnes. Amund Helland seier i «Søndre Bergenhus amt» II s. 295 om Våge på Tysnes: «Efter denne gaard havde en skibrede navn.»
  19. Første gang nemnd i jordeboka Bergens kalvskinn som vart avslutta rundt 1350-60.
  20. Kyrkja vart bygd i 1898, og høyrde til Fitjar kommune.
  21. Møkster fekk gravkapell i 1989