Kreken krins (Hafslo)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kreken krins i Hafslo prestegjeld (i noverande Luster kommune) var eigen skulekrins frå 1740-åra. Krinsen hadde frå byrjinga av omgangsskule rundt om på gardane. Frå 1860 vart skulen halde i leigde rom, men tilhøva var dårlege og krinsen kravde eige skulehus. Dei fekk skulehus i 1869. Mest truleg stod det på Krabben.

I 1890 kom det forslag om å slå saman Kreken krins og Lillekvam krins. Lilekvam krins klagde på at skulevegen ville bli for lang for ungane og saka vart lagt på vent. I 1894 kom det ein delvis samanslåing mellom krinsane der storskulen (fire klassar) i begge krinsane vart samla i rådhuset på Tang (som var det første skulehuset i Lillekvam krins). Endeleg samanslåing mellom krinsane kom i 1909 då nytt skulehus på Mo stod ferdig.

Skulehus

Kreken skule

  • Byggeår: 1869
  • Fungerte som skule: 1863-1909
  • Anna bruksområde: Vart flytta til Ornes krins kring 1910.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Den første læraren i Kreken krins, Anders Johanson Qvamme, var ein avdanka soldat som stod i stillinga i 10-15 år.

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Qvamme Anders Johansen Hafslo II 1741 1750-åra Soldat
Kalhagen Lars Eriksen Hafslo II 1755 (?) 1759
Lomem Peder Pedersen Hafslo II 1771 1777
Hillestad Ole Pedersen Hafslo II 1778 1786
Beum Jens Nilsen Hafslo II 1787 1792
Nygård Anders Olsen Hafslo II 1793 1803
Hillestad Peder Iversen Hafslo II 1805 1812
Joranger Johs. Trondsen 1796 Hafslo II 1813 1823
Hillestad Peder Saksen Hafslo II 1824 1827 Særs flink å skrive
Ytrehaug Nils Trindsen Hafslo II 1823 (?) 1828
Buskaker Anders Torstensen Hafslo II 1827 1830 (?)
Løken Gudbrand Gudbrandsen Kreken krins 1867 1868
Hillestad Ole I. 1847 Kreken krins, Hafslo krins 1868 1918 Balestrand lærarskule

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Øvregard, Kåre. Skulen i Luster gjennom 250 år. Utg. Luster kommune, [Kulturkontoret]. 1996. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Livdtun skule 75 år. 1989. Jubileumsskrift.
  • Bathen, M. 1967. Skulen i Hafslo gejjnom 220 år, frå 1741-1961.

Arkivmateriale

  • Dagbok for Hafslo skule og Kreken krins, 1907-1930

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.3190138° N 7.2122716° Ø