Kviteseidvegen (Kviteseid)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kviteseidvegen med Opsund midtigard (gnr. 41/12).
Foto: Roy Olsen (2021).
Parti frå Kviteseidvegen langs Bussvikfjorden nord i Nisser.
Foto: Roy Olsen (2021).

Kviteseidvegen i Kviteseid kommune går sørover frå Brunkebergvegen (E134) i Brunkeberg via Vrådal til Nissedal kommunegrense der han går over i Nissedalsvegen. Han er 29,3 kilometer lang og er ein del av riksveg 41

Vegen har namn etter Kviteseid kommune.

Ved Sundet tar ein 600 meter lang gamal parsell av riksvegen av frå hovudløpet og går over den gamle Sundkil bru, eller Sundbrui. Dette er ei svingbru bygd i åra 1889–1891. Ho er 74,3 meter lang, har fem spenn og vart freda som teknisk kulturminne i 1997.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Infoplakat ved Sundkil bru.


Koordinater: 59.43756° N 8.48710° Ø