Kvitsøykrossen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvitsøykrossen.
Foto: Svein-Magne Tunli (2012).

Kvitsøykrossen, eller Steinkrossen på Kvitsøy, er ein skiferkross frå slutten av jarnalderenKrossøy i Kvitsøy kommune. Han er lett synleg frå skipsleia, og har i mange hundre år vore eit kjend landemerke.

Krossen er 3,9 meter høg, og tverrarmen er 1,87 meter brei. Nede ved foten er han 48 cm brei og 14 cm tjukk. Armane smalnar inn mot midten, medan stammen er rett. Det er ingen inskripsjonar på krossen, noko som gjer det vanskeleg å datera han sikkert.

Ein veit ikkje sikkert kvifor det vart satt opp ein kross her, men berre kring 200 meter frå krossen finn ein ruinane av St. Klemens' kyrkje, først nemnd i 1146 og truleg noko eldre enn det. Krossen kan ha vore knytt til denne kyrkja, men han kan óg ha markert ein eldre heilag stad. Det er ikkje noko som tyder på at han er eit gravminne. Ein teori er at det var engelske misjonærar som sett han opp på 900-talet, men krossen kan óg vere eldre enn dette. Kvitsøykrossen kan altså godt ha stått der då Erling Skjalgsson og Olav Haraldsson inngjekk eit forlik på staden i 1016, men det er óg mogleg at han vart reist noko seinare.

Namnet Krossøy må vere knytt til denne krossen, men det ein kan ikkje vere sikker på når dette namnet vart teke i bruk. Brevet frå 1146 som nemner kyrkja har namnet Aumar, som må vere eit eldre namn på Kvitsøyane, altså dei øyane som i dag er Kvitsøy kommune. Fridtjov Birkeli nemner at det er noko påfallande at Krossøy ikkje fekk namnet Kirkøy eller Kyrkøy, når St. Klemens' kyrkje ser ut til å være den eldste kyrkja på øyane. Staden der kyrkja står vart kalla Kyrkjesletta, og det tyder på at namnet Krossøy var innarbeida før kyrkja vart reist, truleg tidleg på 1100-tallet.[1]

Referansar

  1. Birkeli 1973: 162.

Kilder og litteratur


Koordinater: 59.06438° N 5.43090° Ø