Lars Larsen Geilane

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Post mortem-fotografi av Lars Larsen Geilane. Bilete frå boka The first chapter of Norwegian immigration (1821-1840).

Lars Larsen Geilane (Født 1786 i Time, død 13. november 1845 i Rochester, New York) var kvekar og utvandrarpioner. Han var ein av dei 52 som forlot Stavanger med sluppen «Restauration» i 1825, som blir rekna som den fyrste organiserte utvandringa frå Norge til Nord-Amerika.

Tidleg liv

Lars Larsen Geilane var født i ein husmannsfamilie på Time på Jæren, og var son av Maren Enersdotter og tømmermann Lars Svendsen Geilane. Han fekk opplæring som skipstømmermann i ungdommen, og arbeidde til sjøs under Napoleonskrigene og den britiske blokaden av Norge. I 1807 førte han saman med nokre andre karar ein liten fiskebåt med tømmer til Nederland, og skulle tilbake att med eit lass med korn, men båten vart teken inn av britane, og Lars Geilane havna i prisonen.

Lars Geilane vart verande i prisonen til fredsslutninga i 1814, og vart verande i Storbritannia enda eit år, der han vart med i kvekarsamfunnet i landet. Tilbake i Stavanger var han med på å stifte eit kvekarsamfunn der i byen, men samfunnet møtte mykje motstand frå styresmaktene, og særleg etter ei vitjing frå kvekarleiaren William Allen og den franske predikanten Stephen Grellet i 1818 modna etter kvart tanken om utvandring til Amerika.

Utvandring

«Restauration».

I 1821 drog Cleng Peerson til Amerika for fyrste gong for å undersøke tilhøva for norske utvandrarar. Han kom att etter tre år, og Peerson og Larsen byrja å samle i hop eit utvandrarfølgje. Peerson drog over i forkant, mens Larsen vart leiar for dei som skulle reise over med sluppen «Restauration».

Lars Geilane gifta seg juledagen 1824 med Martha Georgiana f. Peerson (1803-1887), og saman med femti andre utvandrarar la dei ut frå Stavanger med «Restauration» den 4. juli 1825. Overfarta tok fjorten veker, og da dei kom fram var dei ein person meir enn dei var da dei forlot Norge: Lars og Martha hadde nemleg fått si fyrste dotter under reisa.

Vel framme i New York vart følgjet dømt til bøter fordi dei var for mange i forhold til storleiken på båten, men dei fekk hjelp av lokale kvekarar, og drog etter kvart upstate: Dei fleste av følgjet drog til Kendall ved Ontario-sjøen, der Cleng Peerson hadde kjøpt jord, mens Lars Geilane og den vesle familien hans drog til byen Rochester, litt aust for Kendall, der han vart tømmermann og båtbyggjar på den nybygde Eriekanalen.

Seinare liv

Eldstedottera Margaret Allen (seinare gift Atwater) vart født om bord på «Restauration». Bilete frå boka The first chapter of Norwegian immigration (1821-1840).

Lars Larsen Geilane vart etter kvart ein kjent skipstømmermann med eiga verksemd, og bygde óg eit stort hus til seg og familien, som vart ein viktig mellomstasjon for mange norske utvandrarar. Så mange nordmenn kom hit at Lars sendte ei åtvaring heim om at ein i alle fall måtte ha nok pengar til å reise vidare innover i landet, og helst óg kunne språket for å få seg arbeid. Han drukna på mystisk vis i 1845, på båtreise i lag med ein kar han hadde kjøpt båten med, og familien meinte at han vart myrda.

Etterslekt

Lars og Martha fekk seks døtre og to søner:[1]

  1. Margaret Allen, født 2. september 1825 om bord på «Restauration», gift 1857 med John Atwater, til Illinois.
  2. Inger Marie, født 18. februar 1827, gift med William F. McFadden, til Kansas City, Missouri.
  3. Lydia Glazier, født 18. november 1828, gift med F. C. Whittelsey, busett Rochester, New York.
  4. Elias Tastad, født 9. juli 1830, gift med ei amerikansk kvinne, busett Rochester, New York.
  5. Martha Jane, født 30. juli 1832, gift med Elias C. Patterson, til Illinois.
  6. Clara Elisabeth, født 30. juli 1834, gift med Alfred Willets, til Union Rei, Michigan.
  7. George Marion, født 8. juli 1841, lege, gift med ei svensk kvinne, busett Lakeside, Michigan.
  8. Georgiana Henrietta, født 19. juni 1845, ugift, budde i familieheimen i Rochester, New York.

Fotnoter

  1. Anderson, side 67-68.

Litteratur