Libøvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Libøvegen med Lofthus søndre (gnr. 21/4).
Foto: Roy Olsen (2021).
Libøvegen sett austover frå enden med Århus bru over Hjartdøla.
Foto: Roy Olsen (2019).

Libøvegen i Nord-bygdi i Hjartdal kommune går austover i grenda Libøen frå Holmsvegen. Ved Søndre Lofthus, ved krysset med Øverbøvegen, dreier han skarpt vestover og kryssar elva Hjartdøla på Århus bru før han ender i krysset med Fjellvegen og Rogrendvegen. Han er 3 kilometer lang og går i jordbrukslandskap med innslag av skog.

Vegen har namn etter grenda Libøen som er området her. Namnevedtak vart gjort i 2011.

Kilder


Koordinater: 59.60441° N 8.63757° Ø