Myrvang (Fedje gnr 168 bnr 200)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myrvang
S147.168.200.KNAhusettv.jpg
Tre hus på Husa i 2022, frå venstre bnr 357, bnr 269/bnr 443 og bnr 200. Kopper ligg i bakgrunnen.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 200
Adresse: Kalvedalen 17

Myrvang er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Karin Uthaug f. 1939 (gnr 168 bnr 66-1c) g. 1963 m. Kåre Paulsen f. 1941 Espevær (jf Bømlob. III s 154), lærarar på Fedje frå 1962, Kåre rektor frå 1986. Skøyte 1966 på tomt frådelt gnr 168 bnr 8 same året. Skøyte 1973 på tilleggsareal bnr 241, samanføydd med bnr 200 i 1983. Huset vart bygd i 1968.

Born: a. Kjetil Jørund Uthaug Paulsen f. 1964 g.m. Evy Lillehammer f. 1965 Stavanger, vernepleiar, busette der, seinare Sandnes. Ekteskapet oppløyst 2010. Kjetil samb.m. Trine Hermansen f. 1971 Elverum, busette på Os, Bjørnafjorden kommune. b. Gudrun Helen Uthaug Paulsen f. 1968, sivilingeniør, bustad Bærum, seinare Oslo. c. Trond Rune Uthaug Paulsen f. 1971, bilmekanikar.


Fedje komm.svg Myrvang (Fedje gnr 168 bnr 200) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husatun (Fedje gnr 168 bnr 199) • Neste bolk: Haugås (Fedje gnr 168 bnr 215)