Nyborg (Fedje gnr 172 bnr 115)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nyborg
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 115
Adresse: Mortevikvegen 10

Nyborg er ein bustadeigedom i Fedje kommune, no brukt som fritidsbustad.

1. Oliver Alfredsen f. 1927 Stormark (gnr 172 bnr 22-1g) d. 2005, fiskar, g. 1947 m. Klara Fjeldheim f. 1925 Stormark (gnr 172 bnr 3-2f) d. 1986. Skøyte 1960 på tomt frådelt gnr 172 bnr 30 i 1959. Huset vart bygd i 1960.

Born: a. Alf Alfredsen f. 1948 g. 1967 m. Helga Wiken f. 1948 (gnr 168 bnr 28-17b) d. 2013, busette i Alvermarka, seinare Knarvik i Lindås, Alver kommune, sjå òg Muleide (gnr 169 bnr 7-6). b. Kjell Ove Stormark f. 1949 g. 1972 m. Laila Bjelkarøy f. 1949 Sund, busette der, no Øygarden kommune. Sjå òg Stormark gnr 172 bnr 125. c. Ellinor Alfredsen f. 1950 d. 2020, neste eigar (2). d. Idar Alfredsen f. 1952, bustad Kristiansand, var g. 1971 m. Kjersti Kleppestø f. 1952 Bergen (sjå Uthaugen gnr 168 bnr 20-10aa) d. 2018. e. Aina Alfredsen f. 1956 g. 1978 m. Knut Kjøpstad f. 1950 Askvoll (bror til Terje g.m. c), sjå Husøyna gnr 168 bnr 250-3. f. Ole Alfredsen f. 1956 (tvilling med e.) d. 1 dag gl.

2. Ellinor Alfredsen f. 1950 på dette bruket (le) d. 2020, kjøkken/omsorgsassistent, g. 1972 m. Terje Kjøpstad f. 1952 Bulandet, Askvoll i Sunnfjord, instruktør (jf Askvollb. IIB s 736). Skøyte i 1972. Dei bygde på huset i 1976, slik at det vart to husvære her. Skøyte 1979 på tilleggsareal bnr 146 frådelt gnr 172 bnr 30.

Born: a. Carol Beate Kjøpstad f. 1973, seinare eigar (4). b. Henrik Ove Kjøpstad f. 1979 g.2008 m. Bente Tvedt Crisostomo f. 1981 Fammestad i Lindås, busette der, no i Alver kommune.

Ekteskapet oppløyst, Terje flytta til Kleppe i Sund (jf Sundb. II s 124), seinare til Ågotnes i Fjell og så til Fammestad. Sjå Stormarkvegen 333 (gnr 172 bnr 220).

3. Magnar Stormark f. 1975 Sund (sjå Stormark gnr 172 bnr 125-1b) fekk skøyte i 2006, han er son til 1b. Sjå òg Kopper gnr 168 bnr 37-4.

4. Carol Kjøpstad f. 1973 på dette bruket (2a), barnevernspedagog/avdelingsleiar, g. 1996 m. Geir Vangsnes f. 1968 Bergen, lagersjef bokhandel, distriktsleiar, bustad Foldnes i Fjell, Øygarden kommune. Skøyte i 2009. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Per Kristian Johansen f. 1983 Austevoll (fosterson), notbøtar, g. 2007 m. Catarina Gluck f. 1986 Austevoll, frisør, busette der. b. Sebastian Vangsnes f. 1998. c. Sakarias Vangsnes f. 2000.


Fedje komm.svg Nyborg (Fedje gnr 172 bnr 115) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Hagetun (Fedje gnr 172 bnr 114) • Neste bolk: Lyngbø (Fedje gnr 172 bnr 117)