Per Villand (1963–2007)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Per Villand (fødd 15. oktober 1963 i Hovet, død 15. oktober 2007) var molekylærbiolog og lokalhistorikar. Han fekk i 1999 diagnosen ALS, og innan 2003 var han 99 % lam. Berre augo var upåverka av sjukdomen, og saman med forskarar ved Universitetet i Oslo fekk han laga utstyr som reagerte på rørsler i augo hans og gjorde det mogleg å skrive. Han nytta denne reiskapen til å skrive ei 300-siders bok om historia til slektsgarden Søre Villand og Raggsteindalen, og han oppretta si eiga nettside og blogg.

Han vart cand.scient. ved Universitetet i Tromsø i 1990, og tok doktorgraden ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet i 1995. Han var så post doc på Umeå universitet i Sverige og på Carnegie Institution i Stanford i USA, og i 1991/1992 på Michigan State University. Så fekk han jobb på Umeå universitet, men måtte gå over på uføretrygd då han fekk ALS. Sjukdomen amyotrofisk lateralsklerose, naturleg nok gjerne omtala berre som ALS, er ein nervesjukdom som rammar dei motoriske nervecellane i ryggmargen og hjernen. Det finst ingen kur for sjukdomen, og dei som får den har ein gjennomsnittlig levetid på 3–4 år etter utbrotet – nokre få, som den kjende fysikaren Stephen Hawking, har levd med sjukdomen i fleire tiår.

Då Villand byrja merke sjukdomen kunne han sjølv stille rett diagnose allereie før dei hadde sagt sitt på sjukehuset. Det vart lagt opp til at han skulle bu heime, og han deltok heile tida i eit forskningsprosjekt kring sjukdomen. I 2005 var han hovudperson i dokumentarfilmen Eit meningsfylt liv i en lam kropp : å leve med amyotrfisk lateral sklerose. Han skreiv sjølv manus til filmen, og Ingrid Ese var regissør.[1]

Han vart gravlagd frå Hovet kyrkje.

Referansar

Litteratur og kjelder