Røyrhellevegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Røyrhellevegen sett nordvestover frå Grjotgards veg.
Foto: Roy Olsen (2021).

Røyrhellevegen var namnet på ei 7,5 kilometer lang strekning av fylkesveg 3320 i Kilen i Kviteseid kommune som gjekk sørover som framhald av Kilenvegen i krysset med Østenåvegen til kommunegrensa mot Nome.

Namnet var etter ein gamal busetningsplass, Røyrhelle, på eigedomen til Kilen søndre (gnr. 18/1).

Den 8. februar 2018 gjorde Kviteseid formannskap følgjande vedtak:

Formannskapet vedtek at vegnamnet Røyrhellevegen går ut som vegadressenamn i kommunen. Vegnamnet blir endra til Kilenvegen. Adresseobjekt langs vegstrekninga får endra adresse i samsvar med denne namneendringa. Vedtaket er gjort i medhald av matrikkellova §21.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Statens vegvesen: vegkart
  • Telemarksavisa, 9. februar 2018: Referat frå møte i Kviteseid formannskap


Koordinater: 59.34048° N 8.79568° Ø