Ragnhild Olsdotter Reime

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravminnet til Ragnhild og Sjur Reime på Raundalen kyrkjegard.
Foto: Trond Nygård (2018).

Ragnhild Olsdotter Reime (fødd 2. desember 1868 på Voss, død 13. oktober 1938) var gardkone på Reime (gnr. 143/3), Raundalen i Voss herad. Førenamnet er i folketeljingane skrive Ragnilde (1900) og Ragnhilda (1910).

Ho var dotter av Olav Herlaugson f. Øvsthus (1817-1901) og Marta Torsteinsdotter f. Brekku (1827-1900). Faren kjøpte Reime på auksjon i 1872, då Ragnhild var fem år gammal. Ho vaks opp i ein syskenflokk på seks, men både broren Torstein og systera Sigrid reiste til Amerika.

I 1889 gifta ho seg med Sjur Knutsson Lid (1867-1958), også han frå Raundalen. Året etter overtok ekteparet Reime, der det vaks opp 11 born. I tillegg til ansvaret for ungane måtte dei òg svare kår for både foreldra til Ragnhild og ein tidlegare eigar av Reime.

Hovudinntektene til Ragnhild og Sjur kom nok frå gardsdrifta, men Sjur dreiv òg som smed. Dei hadde dessutan inntekter av losjerande; i folketeljinga for 1900 er det registrert sju jernbanearbeidarar som budde hjå dei. Desse var med på å byggje Bergensbanen, som vart lagt over Reime-gardane sin grunn. I 1908 opna Reimegrend stasjon. I folketeljinga 1920 er to av sønene, Knut og Olav, titulerte som «ekstramand ved Bergensb.».

Yngstesonen Teodor (f. 1913) overtok Reime i 1933. Ragnhild døydde fem år seinare, nesten 70 år gammal. Ho og mannen Sjur, som levde heilt til 1958, er gravlagde på kyrkjegarden i Raundalen.

Kjelder og litteratur