Selandvegen (Kviteseid)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Selandvegen sett frå Kviteseidgata.
Foto: Roy Olsen (2021).

Selandvegen i Kviteseidbyen i Kviteseid kommune er ein 150 meter lang blindveg som går nordover frå Kviteseidgata ved kommunehuset

Vegen har namn etter nr. 6, plassen Seland (gnr. 39/26).

Seland var husmannsplass under Midtsund nordre (gnr. 39/2). I 1870-åra budde Martinius Hanssen frå Ulefoss og kona Kristi her. I 1872 kom Torgrim Olavson fra Lårdal hit. Han var gift med Gunhild Torsdtr. Vefall frå Seljord. I 1893 fekk Torgrim festesetel på plassen frå Leif Midtsund. Eigedomen var på fire mål, og husa høyrde til husmannen. Stoga vart tømra opp i slutten av 1880-åra av Knut Ståland som fekk heile 75 kroner for jobben. Torgrim og Gunhild hadde 11 born, og det var yngstemann, Hallvard, som overtok plassen. Han kjøpte den til odel og eige i 1895. Han var byggmeister og ugift.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, Gardsoga. Eigi forlag 1962.


Koordinater: 59.40124° N 8.49490° Ø