Sjukehuset på Bøverbru

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjukehuset på Bøverbru var eit kommunalt bustad- og karantenehus i Vestre Toten. Frå 1860-talet til 1923 sto huset på umatrikulert grunn langsmed Gimlevegen på Bøverbru. Under eit par epidemiar av difteri og tyfoidfeber på 1880-talet vart huset nytta til karanteneopphald. I tida før og etter desse epidemiane var det folk med bustadbehov som fekk husvære der etter kommunal tilvising. Huset vart òg nytta til slike bustadføremål etter at det i 1923 vart flytta til ny tomt. Huset vart rive på 1980-talet.

Bygningen og tomta

Vil ein plassere Sjukehuset med moderne vegnummer, så låg det mellom Gimlevegen 17 (Haugen) og Gimlevegen 19 (Furulund).

Bygningen var ikkje ny då han vart sett opp ved Gimlevegen. Arne Lund, født 1900, har i et skriv om Bøverbru si soge forklåra at huset var flytta frå ein plass under garden Holte og var opphavleg kalla Skredderstua.[1] Namnet Skredderstujordet vert framleis (2022) nytta på en teig på gardsbruket Holtstein ved Holte.[2]

Siste gongen kjeldene seier noko om Skredderstua på Holte er ved ei gravferd i 1862.[3] I folketeljinga i 1865 var ikkje denne bustaden nemnt, men nokre personar budde på uspesifiserte plassar under Holte.

På Bøverbru vart huset sett opp på grunn som høyrde til garden Åsjordet sør. På den tida var det ikkje andre hus tett innpå, etter som både Haugen og Furulund skriv seg frå tidleg 1900-tal. Tomta vart aldri skulddelt. So seint som ved folketeljinga i 1920 sto huset framleis registrert på gnr. 63/2 Åsjordet sør. Tomta var lita. «Dæ var ittno dyrke’ jord, nærmest en liten gardsplass», fortalde ein gammal bøverbruing.[4]

Fyrste gongen ein finn Skredderstua under Åsjordet nemnt i kjeldene var det heimstaden til dåpsbarnet og foreldra ved ein dåp 17.november 1867.[5] Ein av fadrane ved dåpen var frå plassen Kluften, som var næraste naboen den gong. Båe foreldra til dåpsbarnet var opphaveleg frå Vestre Toten, men hadde budd i Lensbygda ved folketeljinga i 1865.

Opplysningane ovanfor tilseier at huset vart flytta ned til Bøverbru ein gong mellom 1862 og 1867, og mest truleg mot slutten av tidsrommet, etter som huset ikkje er nemnt der i folketeljinga i 1865.

Skredderstua / Sjukehuset var eit hus i to høgder. I det nemnde skrivet frå Arne Lund skildrar han at det var kjøken og ein stor sal i fyrste høgda, og ein sal i andre høgda. Like eins stadfestar hussetelen i folketeljinga 1920 at det var 3 bustadrom i huset.[6]

Kva tid namnet Sjukehuset vart meir vanleg enn Skredderstua er vanskeleg å dokumentere, men i ein formannskapsprotokoll i 1886 vart huset kalla Sykehuset utan nærare forklåring og utan hermeteikn. Dette namnet heldt seg til folketeljinga i 1910[7] og folketeljinga i 1920.[8]

Drifta av karantenehuset

To formannskapssaker frå 1886 og 1888 gjev den mest litande informasjonen om korleis huset var nytta i kampen mot smittsame sjukdomar. Dåverande kommunelækjar Jørgen Henrik Olsen[9] tok eit initiativ for å få Sjukehuset ledig, og når han ordla seg på den måten, tyder det på at tanken om å disponere huset slik var kjent – og kan hende prøvd ut – frå før. Skrivet frå kommunelækjaren vart handsama i Vestre Toten formannskap 11.oktober 1886:

«Oplæstes Skrivelse af 25de September d.Aar fra Doktor Olsen paategnet af distriktslæge Aabel hvori henstilledes til Herredstyrelsen at sørge for snarest muligt at faa Sykehuset ledigt, da der jevnligen optræder Difterit i Bygden.
Enstemmig besluttet:
Jordmoder Josefa Hermansen[10] bliver at anmode om snarest muligt at fraflytte Sykehuset, likesom Fattigkommisjonen pålegges at sørge for at Hans Tollefsrudbraaten med familie likeledes fraflytter Stedet, og at det sørges for om muligt at faa et Par ældre Folk til at flytte dit for at overtake Opvartningen af de indlæggendes Patienter.»

I vedtak i same møte vert det vist til styret («Bestyrelsen») for sjukehuset, og på denne tida var dette tre gardbrukarar frå området. Formannskapet oppmoda dette styret om – i samråd med dokter Olsen – å ordne det som var naudsynt («ordne det fornødne»). Eit styre for Sjukehuset vart tydelegvis valt av heradsstyret / formannskapet til liks med kommunale verv elles.

Handsaminga av saka syner at huset tidlegare hadde vorte nytta som kommunalt husvære; dels som fattigbustad, og dels som tenestebustad for jordmor. Også jordmor Marie Margrete Reiss hadde budd på Sjukehuset under deler av si tenestetid[11], og mannen hennar døydde der i 1877.[12]

I 1888 var Toten råka av tyfoidfeber, som ein den gong kalla nervefeber, og bruken av Sjukehuset vart enno ein gong eit aktuelt spørsmål. På denne tida var det Albert Marius Andersen som var kommunelækjar i Vestre Toten. Innspelet frå han, og handsaminga av det, finst i møteboka til formannskapet 19.juli 1888:

Skrivelse av 4de dennes fra Doktor Andersen med distriktslægens påtegning af 13de s.m. med anmodning til Herredsstyrelsen om at bevilge løn til en sygepleierske ved sygehuset, da der er utbrudt nærvefeber i Rødfos og patientene må henbringes til sykehuset hvor for tiden ingen betjening finnes.
Enstemmig besluttet:
a. E. Gjestrum bliver efter eget forlangende at entledige som medlem af sykehusets bestyrelse og i hans sted invalgtes E. Pedersen på Øfstås.
b. Under henvisning til beslutning av 11te/10.1886 anmodes bestyrelsen om at få nogen til at tilflytte sygehuset og overtage opvartningen af de indlæggendes patienter mod sådan godtgjørelse, som af herredsstyrelsen efter forslag af bestyrelsen bliver bestemt.

Ein ser at vedtaket i 1886 ikkje hadde vorte følgd opp med noka varig løysing. Det finnast heller ikkje dokument som syner om det vart gjort noko meir i 1888 og dei næraste åra.

«Sykehuset». Fyste del av hussetelen ved folketeljinga i 1920. Eigedomen var ikkje skulddelt.
(Skjermdump frå Digitalarkivet).

I 1895 kom Bredo Stang Lund til Vestre Toten som ny kommunelækjar. Han tok tidleg tak i bruken av Sjukehuset, og har skrive om dette: «Siste gang det var benyttet som sykehus, var i 1895. Senere kunde ikke lægen ta ansvaret for å anbringe syke der.»[13]

I åra som følgde disponerte fattigstyret huset som bustad for menneske som trong det. Namnet Sjukehuset hadde likevel festna seg.

Ny plassering av huset frå 1923

Sjukehuset sto ved Gimlevegen fram til 1923. Då vart huset flytta, og sett opp att nokre hundre meter lenger sør på grunn under gamleheimen Gimle. For det meste heldt huset fram som sosialbustad, men i somme periodar òg som avlastning for gamleheimen.

«Huset fikk det flotte opnavn "Moskva"» kan bygdeboka fortelje.[14] Moskva vart den vanlege nemninga, både mellom bygdefolk og i meir offisielle samanhengar. I ein artikkel i lokalavisa i 1938 vart Moskva omtala, og namnet var så innarbeidd at det vart nytta utan nærare forklåring.[15] – Då ein innhenta tilbod på forsikringane til kommunen i 1961, var Moskva eit av husa som vart nemnt.[16]

På si nye plassering vart huset brukt som kommunal bustad i meir enn eit halvt hundre år. Ein av dei som budde der, stod fram i ei osloavis i 1982 og meinte han og familien budde i det dårlegaste huset i Vestre Toten.[17] Ein målsmann for kommunen vona at ein snart kunne finne ei betre løysing for vedkommande.

Få år seinare (1986) kom planane for 5 trygdebustader «på kommunens eiendom "Moskva" samt tilstøtende tomt.»[18] Historia til Skredderstua / Sjukehuset / Moskva hadde kome til ein ende.

Referansar

  1. Arne Lund: Bøverbru sentrums tilblivelse fra noe før 1900 og senere. Mjøsmuseets dokumentasjonsenter: T-A-227, maskinskrive notat 16.mai 1983
  2. Munnleg opplysning frå Tordis Røstøen Skogan
  3. Enkemann Jens Pedersen i Ministerialbok for Vestre Toten prestegjeld 1862-1869 fra Digitalarkivet. (Døde 1862)
  4. Mjøsmuseets Dokumentasjonssenter, arkiv TA-800 lydopptak 75: intervju med Leif Grønnerud 3.januar 1976
  5. Elene Maria Pedersdatter i Ministerialbok for Vestre Toten prestegjeld 1862-1869 fra Digitalarkivet. (Døpte 1867)
  6. Hus- og hushaldliste Sjukehuset i folketelling 1920 for Vestre Toten kommune fra Digitalarkivet
  7. Sjukehuset i folketelling 1910 for Vestre Toten fra Digitalarkivet
  8. Sykehuset i folketelling 1920 for Vestre Toten fra Digitalarkivet
  9. Gjørvad, Olav (red.): Totens bygdebok - bind 2, Oslo 1937. Digital versjonNettbiblioteket side 298
  10. Jordmor i Vestre Toten 1885-1888, sjå Gjørvad, Olav (red.): Totens bygdebok - bind 2, Oslo 1937. Digital versjonNettbiblioteket side 312
  11. Gjørvad, Olav (red.): Totens bygdebok - bind 2, Oslo 1937. Digital versjonNettbiblioteket side 311
  12. August Hendrik Reiss i Ministerialbok for Vestre Toten prestegjeld 1870-1877 fra Digitalarkivet. (Døde 1877)
  13. Lund, Bredo Stang: «Helsestellets historie» i Gjørvad, Olav (red.): Totens bygdebok - bind 2, Oslo 1937. Digital versjonNettbiblioteket side 285-334. Sitatet er frå side 327.
  14. Gjørvad, Olav (red.): Totens bygdebok - bind 2, Oslo 1937. Digital versjonNettbiblioteket side 267
  15. Totens Blad 9.juli 1938. Digital versjonNettbiblioteket.
  16. Totens Blad 23.februar 1961. Digital versjonNettbiblioteket.
  17. Artikkelen «Ungene har det vondt i "Moskva"» i VG 19. april 1982
  18. Totens Blad 2.august 1986. Digital versjonNettbiblioteket


Koordinater: 60.66666133° N 10.67910301° Ø