Skridfinnar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Folkenamnet skridfinnar finst attgjeve på ymse vis i kjelder frå 500-talet til 1500-talet evt. Ordet «finn» viser på norrønt til samar, og det samansette «skridfinnar» viser med rimeleg sikkerheit til ei eller fleire samiske grupper. Der skridfinnar er nemnt, er dei gjerne skildra som jaktfolk (med tidstypiske, fabulerende utbroderingar), og hos den langobardiske historieskrivaren Paulus Diaconus dukkar for første gong ski opp i skildringa.

Finn

Folkenamnet finnar, som i eldre tid først og fremst har vore bruka om samar, og etterkvart òg overført til østersjøfinske folk, blir somme ginger forklart som avleidd av ‘å finne’. Men i dét ordet har det vore -nd- langt inn i urnordisk tid medan folkenamnet finnar er d-laust i samtlege kjelder heilt frå dei to eldste kjeldene: fenni hos Tacitus (98 evt.) og phinnoi hos Ptolemaios (100-talet evt.). Vi kan nok rimeleg trygt rekne med at termen ikkje har opphav i germansk find- men snarare er av ukjent opphav.

Skrid

Sjølv om ski ikkje nemnest spesifikt i kjeldene før Paulus Diaconus, så tyder namnet skridfinnar på at assosiasjonen har vore der frå mykje tidlegare. På norrønt er ei av dei to hovudtydingane av skríða ‘å renne på ski’ og skríðfǿri tyder ‘skiutstyr’.[1] Det svenske ordet skridskor (‘skeiser, skøyter’) er òg nærskyldt.

Kven var skridfinnane?

Vi kan seie rimeleg sikkert at skridfinnane har vore samar både ut frå kjerna i dei historiske skildringane og ut frå den direkte assosiasjonen med samar som kan stadfestast av dei nyaste kjeldene i materialet. Det er neppe grunnlag til å avgrense termen ut over dette.

Referanser

  1. Heggstad, Leiv, Hødnebø, Finn, Simensen, Erik: Norrøn ordbok : 3. utgåva av 'Gamalnorsk ordbok' . Oslo : Samlaget, 1975. ISBN 8252104193

Litteratur

  • Birkely, Hartvig (1994): En kultur-historisk studie - Historisk belysning av samiske ski og samisk skiløping. Hovedfagsoppgave ved Norges idrettshøgskole, Oslo.
  • Bratrein, Håvard D. (2018): Høvding, Jarl, Konge - Nord-Norges politiske historie i vikingtid - Ei annerledes fortelling. Tromsø Museums skrifter XXXVII. Orkana Akademisk, Stamsund.
  • Hansen, Lars I. & Olsen, Bjørnar (2022): Samenes Historie Fram Til 1750. Cappelen Damm Akademisk, Oslo. 2. utgave, 1. opplag
  • Weinstock, John (2003): Skis and skiing from the stone age to the birth of the sport. The Edwin Mellen Press, USA.