Solbakken (Fedje gnr 170 bnr 12)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solbakken
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 12
Adresse: Skotholmevegen 28

Solbakken er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Olina Olsd Moldøen f. 1878 d. 1961 fekk frådelt denne tomta i 1948, då ho selde gnr 170 bnr 3 til sonen, sjå nr 22 og 23 der. Våningshuset til gnr 170 bnr 3 var på denne eigedomen, og Olina heldt fram med å bu her.

2. Alfred Moldøy f. 1906 (gnr 170 bnr 3-22d) d. 1970, fiskar, budde her saman med mora (1). Han fekk skøyte i 1960.

3. Olga Moldøy f. 1914 (gnr 170 bnr 3-22h) d. 2001 g. 1955 m. Ludvik Henry Sørensen f. 1909 Steigen i Nordland d. 1994, fiskar, dei budde her nokre år etter at dei vart gifte. Seinare bustad Bodø og Steigen.

Born: a. Leif Ove Sørensen f. 1957 g. 1980 m. Åshild Underdahl f. 1960 Steigen, busette der. b. Svein Arne Sørensen f. 1959 g. 1994 m. Inger Nille Skogly f. 1965, bustad Bodø.

4. Olav Moldøy f. 1943 (gnr 170 bnr 5-18f) d. 1996, matros, g. 1973 m. Berit Søfteland f. 1942 Træsneset (gnr 169 bnr 93-1e) d. 2003, fiskeindustriarb. Skøyte her i 1974. Huset vart renovert i 1999.

Born: a. Nils‑Tore Leivdal f. 1963 (Berits son med Nils-Tore Leivdal f. 1943, Gjemnes i Romsdal, jf Gjemnesb. I s 287), sjå Husøyna gnr 168 bnr 204-3. b. Britt Holmstrøm f. 1970, oppvaksen Stavanger (Berits dotter), g. 2010 m. Terje Thorsen f. 1967, bustad Åse i Fjell, es. oppløyst. Ho flytta til Stavanger, samb. 2020 m. Frank André Meløysund f. 1970. c. Arild Moldøy f. 1973, neste eigar (5).

5. Arild Moldøy f. 1973 på dette bruket (4c), kokk, var samb.m. Renate Olsen f. 1977 Bergen, bustad Voss, seinare Bergen.

Barn: a. Ida Yvonne Olsen Moldøy f. 1996, bustad Bergen. b. Preben William Olsen Moldøy f. 1999, bustad Fjell, Øygarden kommune.

Arild var samb.m. Gry Andersen f. 1974 Ellingsøy i Ålesund. Han fekk skøyte i 2003 og dei flytta hit. Huset vart påbygd i 2006. Arild flytta tilbake til Bergen. Sjå òg Kremmarholmen gnr 169 bnr 136-6. Ho flytta tilbake til Ålesund.

Born: a. Alexander Andersen Flovik f. 1996 d. 2020, bustad Ålesund (far Knut Ove Flovik f. 1965 Haramsøya i Ålesund, bustad Ålesund). b. Adrian Andersen Moldøy f. 2005.

6. Karstein Moldøen f. 1959 (gnr 170 bnr 2-18e), prosessoperatør, g. 1987 m. Torild Rist f. 1965 frå Stormark (gnr 172 bnr 20-5b), fotterapeut. Tidlegare budde dei i Moldøyna gnr 170 bnr 31-3, sjå meir der. Skøyte i 2008.


Fedje komm.svg Solbakken (Fedje gnr 170 bnr 12) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Tørisneset (Fedje gnr 170 bnr 9) • Neste bolk: Nordvik (Fedje gnr 170 bnr 16)