Soltuft (Fedje gnr 168 bnr 111)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Soltuft
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 111
Adresse: Mulevegen 62

Soltuft er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Arthur Husa f. 1908 (gnr 168 bnr 11-8e) d. 1996 g. 1946 m. Bergith Rognsvåg f. 1925 (gnr 167 bnr 6-1b) d. 2013. Skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 11 i 1948. Dei sette opp hus her i 1950. Arthur var fiskeskipper, m.a. medeigar M/S «Feieøy». Bergith arb. Bjelland.

Born: a. Arvid Bjarne Husa f. 1947 d. 2022, fiskar, samb.m. Thordis Johansen f. 1939 Hasvik, Finnmark d. 2018, busette der på Breivikbotn. Sjå òg Sulo gnr 169 bnr 43-2. b. Marie Husa f. 1950, vert kalla Mie, legesekretær, bustad Bergen, var g.1.g. m. Åge Sellevoll f. 1943 Alversund, Lindås, busette der (jf Alversundb. II s 491). Åge var den første kommuneingeniøren på Fedje, frå 1971 til 1973. Mie g.2.g. m. Finn Iversen f. 1947 Bergen. c. Evy Husa f. 1957, neste eigar (2). – Dei tre borna fekk skøyte i 1994.

2. Evy Husa f. 1957 på dette bruket (1c), omsorgsarbeidar, samb. 2008 m. John Harald Karlsen f. 1960 Vega i Nordland, sjømann, bustad Bergen. Ho løyste ut søskena og vart eineeigar i 2016. Huset vart brukt som fritidsbustad til dei flytta hit fast i 2023.


Fedje komm.svg Soltuft (Fedje gnr 168 bnr 111) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Bakketun (Fedje gnr 168 bnr 104) • Neste bolk: Turidli (Fedje gnr 168 bnr 126)