Steinsvik notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Notlaget i Steinsvik er truleg det eldste notlaget i indre Dalsfjord i Volda kommune. Når det vart skipa notlag frå først av her, er det ingen no som kan fortelje om, men at det her inne har vore fangsta med not langt attende i tida er heilt sikkert. Ein viser her til det som Sverre Lyngnes har fortalt i boka «Dalsfjord,gard og ætt».

Steinsvik notlag er frå etter år 1920 og utover.

Eigarane i notbruket var :

  • Ole P. Steinsvik f.1875 Ellingsgarden
  • Martin J. Steinsvik f.1901 Knutsgarden
  • Per J. Steinsvik f.1877 JonaPergarden
  • Knut L. Steinsvik f.1873 Arnegarden
  • Jakob J. Steinsvik f.1893 Jonagarden (notbas).
  • Per H. Vassbakke f.1887 Hansgarden

Her var 2 notanaust og 2 relativt store notbåtar

Det eine naustet stod i mellom «nyeskofabrikken» og uthuset/naustet på Øyra og er forlengst borte

Det andre stod tett utanfor dampskipskaia. Dette huset står her også idag

Det er lite å inkje igjen av korkje båtar eller nøter

Den største notbåten vart kjøpt inn i førstninga av 1950 åra - nybygd på Bjørkedalen. Denne var omlag 30 fot lang og hadde ein semidieselmotor med luftstart og sigarett-tending. Kor mange hestekrefter den var på har ein ikkje greidd å få klarheit i, og ikkje kva fabrikat han var av, truleg var det ein Wicmann 10-14 hk.. Namnet på båten var mb. « Hovden», og hadde registreringsnr. M 5 D. På bygda gjekk den under namnet «Veiren»

Den andre båten - også ein gavlbåt, var ein robåt. Denne var bygt i 1931 på Bjørkedalen av Sigurd Bjørkedal. Den var 25 fot lang. Dette var gamlenotbåten dei hadde før motor-båten vart kjøpt. Denne vart brukt som spelbåt etter at motorbåten kom

Her var tidlegare også ein liten gavlbåt, men denne veit ein ikkje meir om (truleg er det den som hamna til Blåsen notlag i Vika.)

Laget hadde ei storenot (sildenot) på ca. 120 famner og djupte på 15 famner

Utover dette var her 2-3 stengjenøter og orkastenot

Dessutan fantest ei seinot, truleg den som vart kjøpt frå Løvik i 1935, ei makrellnot og ei mussanot på ca. 50-70 famner. «Hovden» vart truleg seld til Herøy ein stad

Dei beste fiskeåra var i utover i 1930-åra. Men også i første halvdel av 1950 var det gjort særdeles gode kast av sild /mussa og brisling. Det var vanlegvis levering til Bjelland og andre mottakarar

I desse gode fangståra vart noteigarane «rimeleg pengesterke», og no var det at motor-notbåten vart innkjøpt. Det gamle notanaustet vart rive ned og nytt større naust vart bygt på same tomta. Det har ei lengde på 15 m og ei breidde på 7,2 m. Her er rullar oppe på bitane som nota vart ført over, og det vart ei vesentleg lette i arbeidet når dei skulle henge og ta ned nota. Brukseigarane såg seg no også råd til å investere i heimetunet, og både våningshus og drifts- bygningar vart restaurerte

Førebuinga til notsesongen var vanlegvis seint vårstida. No skulle nøtene oversjåast og bøtast. Bøtinga føregjekk på «Notaplassen», der smoltanlegget og nye skofabrikken ligg idag. Nøtene skulle også barkast. Dette føregjekk seg i store barkekar (tresåar) på ca. 3m diameter og 2-3 m høgde. Nøtene måtte ligge i karet i nokre dagar; også dråttane vart bar

Beste kasteplassane var i området frå elva og rundt vika og ut om kaia

Det var betre om kaste- plassar i Steinsvika enn ved Åmelfoten. Det var difor sjeldan at notlaget i Steinsvik gjorde kast ved Åmelfotområdet. Derimot var ikkje Åmelfotingane «å tru» for at dei kom bort til Steinsviklandet å kasta her. Dette var naturlegvis sett på med ei viss misnøye - likevel gjekk dei enkelte notlaga herinne godt i saman. Det er fortalt at notlaga frå Åmelfot vart omtala som «Åmelfotrebellarane»

Det hende når dei kasta på sild og brisling at det kom med andre fiskeslag i kastet. Denne fisken vart då delt i 6 like partar/deler. Når dei så skulle avgjere kven som skulle ha den eller den parten vart dette kalla «blinding», dei trekte lodd. Det var vanlegvis Hans Vassbakke som organiserte dette. For oss gutungane var dette svært spanande å få vere med på, fortel Rolf Eidheim

Når karane heldt på med kastinga og levering av fangsten, kunne det ofte verte lange dagar. Det kunne difor verte så som så med mattilgang

Her var konene til Åmelfotingane særs flinke til å kome med mat til mennene sine dersom karane deira hadde kastet på Steinsviksida, ja det seiest at dei endåtil kom med middag Dette vart naturlegvis kommentert mellom mennene i Steinsvik, og fekk Jona Jakob til å koma med følgjande indignerte «kraftsalve»: «Nei våre koner hadde vel helst ikkje sett til oss og kome med mat til oss før dei hadde kjendt likstanken heima frå sjøen»!


Andre notbruk i Steinsvik: Sverre Lyngnes og Olav J. Steinsvik hadde eit lite notbruk ilag. Til notbåt nytta dei ein færing, og det var ei lita not dei hadde som dei to kunne operere med åleine. Dei kasta på sild, brisling og makrell, og kasteplassen var vanlegvis innom kaia i Steinsvik. Ein veit lite om kvar det vart av not og båt

Notbåtnaustet deira stod ved sida av det gamle notanaustet vest for Øyra


Til avslutning av kapittelet om notbruka i Steinsvik, må eg fortelje ei spesiell historie som knyter seg til gamle-spelbåten til Steinsvik notlag: Ei av jentene i Jonagarden, (Annlaug) vart gift med ein kar frå Åna-Sira- området (Bjarne Drivdal)

Dei har ein son som heiter Nils Jakob. Han overtok/kjøpte den gamle båten - saga båtbord av skog i Jonagarden, forhøya båten med to bordgangar og bygde dekk og lugar framme. Midt på båten var eit ope rom og akterut vart tillaga kahytt. Så vart båten rigga med mastr, segl, fokke, klyverbom og klyver

Til slutt hamna den i Åna-Sira ved Flekkefjord. Som hjelpemotor vart ein Zusuki påhengs-motor på 5 hk montert

Med denne båten la han og ei tysk venninne ut på ei rundreise gjennom Europa. Først til Danmark, deretter til Kiel i Tyskland. Gjennom Kielerkanalen og ut i Nordsjøen nedover til elva Ems. Dei reiste så sørover gjennom elva og kanalar til dei kom over til Rhinen. Denne elva følgde dei vidare sørover og på kanalar austover mot Nürnberg. Her vart båten teken på land, transportert med bil søraust-over og sett på vatnet ved Donau

Turen gjekk på denne elva gjennom Tyskland, Austerike, Slovakia, Ungarn, Jugoslavia, Serbia, Bulgaria, Romania, og enda ut i Svartehavet mellom Varna og Constanta

Herifrå segla dei gjennom Bosporusstredet og kom ut i Egeerhavet. Dei var innom Tyrkia før turen gjekk vidare ut i Middelhavet, og herifrå oppover i Adriaterhavet mellom Italia og Hellas. Nils Jakob fortel at dei finansierte turen ved å ta seg arbeid «i land», plukka til og med poteter

På ei øy her, Itaka, kom dei i kontakt med ein tysker som vart så fasinert over båten deira at han ville kjøpe den. Handelen vart avgjort, til ein god pris, og i tillegg fekk dei overta ein seglbåt han hadde. Her enda historia om notbåten frå Steinsvik, bygt på Bjørkedalen av Sigurd Bjørkedal i 1931, - og noko meir veit eg ikkje om båten`s vidare skjebne. Turen dei hadde gjort, varte i over 3 år.

Kjelder og informantar

Lokale informantar for Notbruk i Dalsfjord

  • Jakob Koppen
  • Olav H. Velsvik
  • Robert Welsvik
  • John Thorvik
  • Jon J. Kornberg
  • Sverre Kvangarsnes
  • Ivar A. Sætre
  • Andè Sætre
  • Solfrid Nautvik
  • Asbjørn Åsebø
  • Ola S. Løvik
  • Lauritz S. Løvik
  • Lars K. Løvik
  • Ola K. Hjelle
  • Arvid Rossetvik
  • Annfred Lillenes
  • Einar Furnes
  • Bjarne Myklebust
  • Olav Dalebø
  • Jarle Dalebø
  • Harald Mårstøl
  • Jostein Mårstøl
  • Norvald Mårstøl
  • Åsta Mårstøl
  • Arvid Eidså
  • Rolf Eidheim,
  • Arne Eidset
  • Harald Eidset
  • Jon M Steinsvik
  • Hans J. Steinsvik
  • Svein Øverberg
  • Bjarne Drivdal
  • Nils Jakob Drivdal


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Steinsvik notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.