Stolmen Bedehusforening (Austevoll)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stolmen Bedehusforening vart stifta i 1930. Etter den religiøse vekkjinga som begynte omkring 1930 i fleire delar av landet, oppstod tanken om å byggja nytt bedehus på Stolmen. Foreininga heldt basarar der inntektene mellom anna gjekk til nytt bedehus. Det var Johanna Vaage (1902-1971) som kom med ideen om nytt hus, og ho tok initiativet til pengeinnsamling til føremålet. Då Stolmen fekk nytt skulehus i 1937, stod den gamle skulebygningen tom, og på vegne av innbyggjarane på øya kjøpte bedehusforeininga i 1947 den gamle skulen som vart bygd i 1877. Kommunen kravde 2000 kroner for huset. Huset var i bruk som bedehus til det nye Stolmen bedehus vart teke i bruk i 1962.

Bedehusforeininga sin første leiar var frå 1930 Brita Aarland (1890-1989). I 1950 overtok Borghild Stangeland (1921-2019) som var leiar fram til bedehuset vart selt i 2013.

Kjelder og litteratur

  • Eide, Arne: Møkster kyrkje gjennom tidene. Festskrift til hundreårsdagen 1892-1992. Storebø 1992. Storebø 1992. 83. s. ill. Digital versjon på Nettbiblioteket.
  • Kjøpekontrakt det gamle skulehuset 8. november 1947.
  • Notisbok med oversikt over gåver til det gamle bedehuset 1947-1948 og 1949.
  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt I. Møkster sokn. Austevoll 1978. 722 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.