Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1873

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1873 viste at bondevenrørsla ikkje stod så sterkt i fylkespolitikken som under 1870-valet. Medan fem bønder hadde representert fylket dei siste tre åra, kom no to akademikarar inn. Balestrand-presten Harald Ulrik Sverdrup tapte plassen sin i 1870, men kom no inn att. Ny var dessutan overrettssakførar og Førde-ordførar Carl J.S. Steen. Ingenting rokka likevel posisjonen til gardbrukar og ordførar Arne Tonning i Stryn.

Valde representantar

Verv Namn/tittel Merknad
1. representant Gaardbr. Arne Tonning 1. repr. førre periode
2. representant Sognepræst H. U. Sverdrup Representant 1851-70
3. representant Lensmand L. Ellingsen 1. suppl. førre periode
4. representant Gaardbr. S. M. Bugge 3. repr. førre periode
5. representant Overretssakfører C. J. S. Steen
1. suppleant Lensmand A. M. Andresen 2. suppl. førre periode
2. suppleant Kirkesanger K. R. Kirkhorn 4. suppl. førre periode
3. suppleant Gaardbr. K. L. Vefring 2. repr. førre periode
4. suppleant Gaardbr. E. I. Offerdahl 5. suppl. førre periode
5. suppleant Gaardbr. O. M. Bakke 3. suppl. førre periode

Valet

Valtinget vart halde på Lærdalsøyri 3. juli 1873 med 64 valmenn tilstades. Ved representantvalet fekk 17 personar røyster, i denne rekkjefølgja:

Nr Namn Røyster Merknad
1. Arne Tonning 61
2. Harald Ulrik Sverdrup 44
3. L. Ellingsen 43
4. S. M. Bugge 43 (loddtrekning)
5. C. J. S. Steen 24
6. A. M. Andresen 19
7. K. L. Vefring 18
8. K. R. Kirkhorn 18
9. E. I. Offerdahl 14
10. Lars Storesund 9

Til valet som 1. suppleant fekk desse flest røyster:

Nr Namn Røyster Merknad
1. A. M. Andresen 23
2. K. R. Kirkhorn 18
3. K. L. Vefring 9

Til valet som 2.-5. suppleant fekk desse flest røyster:

Nr Namn Røyster Merknad
1. K. R. Kirkhorn 51
2. K. L. Vefring 43
3. E. I. Offerdahl 34
4. O. M. Bakke 18 (omval)
5. Lars Storesund 18 (omval)
6. Nydal 17
7. Kvale 16
8. Anfinn Refsdal 10
9. lensmand Falch 10

Frammøte på Stortinget

Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1874, 1875 og 1876. Steen vart permittert på grunn av sjukdom 18. april 1874 og døydde 15. juni. Andresen møtte såleis frå 5. mai 1874 og i 1875 og 1876. Sverdrup møtte ikkje i 1875 på grunn av sjukdom, så Kirkhorn møtte for han (frå 20. februar).

Kjelder