Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1891

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

I stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1891 hadde Moderate Venstre, Høgre og Venstre tre jamstore grupper på valtinget. Nasjonalt gav valet ein valsiger til reine Venstre, men i Nordre Bergenhus sytte ein allianse på valtinget mellom Moderate Venstre og Høgre for å halde Venstre utanfor stortingsbenken. Fire frå Moderate og ein frå Høgre kom inn medan Venstre fekk to uviktige varaplassar. Den tidlegare svært sentrale politikaren frå amtet, Jakob Sverdrup, kom no attende som representant sjølv om han hadde flytt frå amtet i 1884 og no var sokneprest i Bergen.

Valde representantar

Verv Namn/tittel Kommune Parti Merknad
1. representant Gaardbr. Arne Tonning Stryn Moderate Venstre 1. repr. førre periode
2. representant Sogneprest Jakob Sverdrup Bergen Moderate Venstre
3. representant Kirkesanger Anfinn Refsdal Vik Moderate Venstre 1. suppl. førre periode
4. representant Gaardbr. F. Fraas (Hillestad) Hafslo Høgre
5. representant Gaardbr. Gjert Holsen Førde Høgre 2. repr. førre periode (for Moderate Venstre)
1. suppleant Provst Ludvig K. O. Strømme Selje Høgre
2. suppleant Kirkesanger M. O. Syltevik Eid Moderate Venstre
3. suppleant Gaardbr. J. K. Hæg Borgund Venstre
4. suppleant Gaardbr. S. K. Aarnæs Stryn Venstre
5. suppleant Gaardbr. A. L. Ese Balestrand Moderate Venstre

Valet

Valet vart halde i Førde 16. september 1891 med 75 valmenn tilstades. 26 tilhøyrde Moderate Venstre, 25 Venstre og 24 Høgre.

I alt 23 personar fekk røyster under representantvalet, og flest fekk:

Nr Namn Røyster Merknad
1. Arne Tonning 54 Moderate Venstre
2. Jakob Sverdrup 49 Moderate Venstre
3. Anfinn Refsdal 45 Moderate Venstre
4. F. Fraas 44 Høgre
5. G. M. M. Holsen 42 Høgre
6. J. Hæg 28 Venstre
7. S. Aarnæs 24 Venstre
8. R. Sindre 19 Venstre
9. W. Flugum 17 Venstre
10. D. O. Bakke 11 Venstre
11. S. O. Fuhr 8
12. Indrehus 7
13. A. Ese 6
14. J. Myklebust 6
15. Edvard Liljedahl 3
16. S. Næss 3
17. Lasse Trædal 1

Ved valet på 1. suppleant fekk 8 personar røyster, og flest fekk:

Nr Namn Røyster Merknad
1. L. Strømme 36 Uavh.
2. Aarnæs 17 Venstre
3. J. Hæg 11 Venstre

Ved valet på 2. suppleant fekk 10 personar røyster, og flest fekk:

Nr Namn Røyster Merknad
1. M. O. Syltevik 33
2. Aarnæs 20

Ved valet på 3.-5. suppleant fekk i alt 30 personar røyster. Dei som fekk flest, var:

Nr Namn Røyster Merknad
1. J. K. Hæg 29 Venstre
2. S. K. Aarnæs 25 Venstre
3. A. L. Ese 24
4. Indrehus 19
5. lensmand O. R. Steen 17

Frammøte på Stortinget

Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1892, 1893 og 1894. Tonning døydde 26. juli 1892, så Strømme vart innkalla og møtte frå 1. august 1892 og i 1893 og 1894.

Kjelder