Surmjølks-Gunna

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hobøl kyrkje, bygd ca. 1200. Her har venteleg Surmjølks-Gunna lydd messe mang ein gong.
Foto: Siri Johannessen

Surmjølks-Gunna var oppnamn på ei kvinne som levde i Mossedal (Hobøl i Indre Østfold) i høgmellomalderen. Ho var truleg gardbrukar (småbrukar?) og kanskje bureisar. «Truleg» og «kanskje» og spørjeteikn må brukast sidan det einaste vi strengt tatt veit om henne, er at ho har fått oppnamnet sitt knytta til eit gardsnamn i bygda. Det er nemnt i Røde bok, dvs. eit kyrkjeleg eigedomsregister frå ca. år 1400. Det viser at ein gard med namnet «Skyrgunnurudh» på det tidspunktet var eit leiglendingsbruk som låg til presteembetet i Hobøl. Dermed er vi på sporet av Surmjølks-Gunna.

Namnet

Når Skyrgunnurudh påviseleg eksisterte år 1400, kan vi med stor visse gå ut frå at garden hadde vorte rydda minst eit halvt hundreår tidlegare, før Svartedauden og folketalsnedgangen etter 1350. Sjølve gardsnamnet er informativt. «Skyr» er gammalnorsk for surmjølk, også brukt i moderne norsk som «skjør». «Gunnu» kan knapt vere noko anna enn genitivsform av kvinnenamnet Gunna. Sistelekken «rudh» er sjølvsagt den utbreidde gardsnamnendinga -rud/-rød, som finst i tusentals i landet, av desse ca. 760 i Østfold [1] og 41 registrerte berre i Hobøl aleine.[2] Skyrgunnurudh kan omsetjast til moderne norsk som «Surmjølk-Gunnas rydning».

Kva som kan vere bakgrunnen for surmjølksetiketten til Gunna kan vi berre spekulere på. Det høyrest ikkje spesielt staseleg ut i våre øyro, iallfall knapt naturleg å hefte til ei mektig matmor på ein storgard. Etiketten treng likevel ikkje ha vore nedsetjande meint. Kanskje var Gunna kjent som ekstra dugande når det gjeld den viktige foredlinga og preserveringa av mjølka på garden.

Bureisar, småbrukar

Bureisar- og småbrukarhypotesen er likevel fyrst og fremst knytta til rud-endinga (rud = rydning). Dei fleste rud-gardane kom til under busetjingsekspansjonen i århundra fram til Svartedauden. Det dreia seg i mange tilfelle om små,tungdrivne utkantbruk.

Småbruksstatusen blir vi ekstra overtydde om akkurat når det gjeld Skyrgunnurud. På 1700- og 1800-talet finn vi nemleg att namnet i forvanska former som «Skiølkunrød», «Selvvonerud» og «Selvgonnerød» brukt om ein husmannsplass under Nygård i Hobøl. Heilt opp til vår tid har same plassen også vore kjent som «Gonnerød», men elles kalla Nygårdshytta.[3]

Bureisingskvinner

Det er også eit par andre -rud-namn i Hobøl som med større eller mindre visse kan knyttast til kvinnelege namnegjevarar. Det gjeld heilt sikkert «Citzelerud» (Cecilie-, Sisselrud), eit namn som er nemnt i 1514 [4] men som seinare har vorte borte. Eit anna mogleg tilfelle er Bærød (opphavleg Berurud) som kan kome av av kvinnenamnet Bera.[5] Det har også vore gissa på at Elverud kan ha kome av eit kvinnenamn Elfr, men dette er mindre sannsynleg.[6]

Referansar

  1. Store norske leksikon, artikkel Gårdsnavn.
  2. Hosar, H.P. 1993, s. 131.
  3. Hoel, K. 1994, side 139–140.
  4. NRJ bd. I s. 24
  5. Hosar, H.P. 1993 s. 129, Lundeby, E. 1993 s. 236, jf. Hoel, K. 1994, side 98–99.
  6. Hoel, K. 1994, side 50–51.

Kjelder og litteratur