Sykkylven Samvirkelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylven Samvirkelag er ei handelsbedrift i Sykkylven. Bedrifta er i dag ein del av den landsomfattande Coop-kjeda.

Sykkylven Handelslag vart skipa i 1920, og kjøpte då eit hus ved kaia på Aure som Sykkylven kaiselskap hadde sett opp. Dette huset strauk med ved brannen på Aure i 1939, og det vart reist eit nytt, moderne forretningsbygg i 1941. Sykkylven Handelslag dreiv handel i desse lokala til 1972, då Sykkylven Samvirkelag tok over aksjane og heldt fram med drifta om lag på same måten som før.

Det var nokså klårt heilt frå starten at nye forretningslokale måtte til, og i 1977 kunne Sykkylven Samvirkelag flytte inn i eit moderne forretningsbygg på Aure. Bygget hadde ei grunnflate på 800 m2, og av dette ei salsflate på 500 m2. På framsida vart det laga til ein romsleg parkeringsplass.

Sykkylven Samvirkelag har heile tida vore med i kooperasjonen som kjøper inn varer i store parti, innanlands og utanlands, og dessutan har ein stor eigenproduksjon. Denne produksjonen skjer i samarbeid med tilsvarande organisasjonar i grannelanda.

Sykkylven Samvirkelag fører alle slag daglegvarer og har også drive sal av kjøkkenutstyr, glas- og steinty, jernvarer og blomster. Då postkontoret i Sykkylven vart lagt ned, i mars 2008, fekk samvirkelaget Post i butikk-teneste.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.