Syver Bræck

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå møte i Den skandinaviske tannlegeforening 1886. Alle dei fire tannlegesyskena Bræck og Bræck Aurlie er med her. Syver i den ståande rekka som nr. 3 frå venstre. (Ståande: Gudbrand Julius nr. 6, Hans (Aurlie) nr. 9. Systera Lina er nr. 3 frå venstre i den sitjande rekka.) For komplett namneliste: Klikk på biletet og vidare til kjelda.
Foto: Ukjent.

Syver Rasmusson Bræck (fødd i Skjåk 24. januar 1850, dødsdato og -stad ukjent) var tannlege, og før det m.a. handelsbetjent. Han emigrerte til Russland og/eller Finland, og ikkje så mykje er kjent av livshistoria hans elles. Som det heiter i ein særs knapp biografi i Norges tannleger 1929: «Hvis han lever bor han sannsynligvis i Finnland.»

Bakgrunn og familie

Han var fødd og oppvaksen på Nedre Brekk, ein mellomstor gard på Bersustrond i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Rasmus Rasmusson Bræk (1810–1871) og Lene Sylfestsdotter Bræk (fødd 1815). Ved sida av å vere gardbrukar var faren lærar og kyrkjesongar.

Syver var nummer seks av ein syskenflokk på ni, fødde i tidsrommet 1837–1858. Desse syskena utmerka seg ved – etter tid og omstende – utradisjonelle val av yrke og livsbaner. Særleg slåande er at fire av syskena, deriblant altså Syver, utdanna seg til tannlegar. (Sjå oversyn i artikkel om systera Lina Breck.)

Vi kjenner ikkje til korvidt Syver stifta eigen familie.

Utdanning og yrke

Han tok norsk tannlegeeksamen i 1882, same året som den to–tre år eldre broren Hans. På eit bilete frå ei samankomst i den skandinaviske tannlegeforeininga i juli 1886 er Syver Bræck med, i likskap med dei tre andre tannlegesyskena. I namnelista til biletet er Syver markert som «Bræck, S.R. Egersund.» Det har ikkje lykkast å stadfeste praksisen i Rogalands-byen. Men vi har venteleg eit spor i ein annonse i Egersundsposten den 15. mai 1886, der ein «Tandlæge Brock» melder at han er komen til byen og installert på Hotel Jæderen.[1] Det blir også gjort merksam på at det berre skal vere eit kort opphald. Tandlæge Brock har da eit par gonger i løpet av vinteren og våren hatt små annonser om at han skal kome til byen.[2] Det er ikkje urimeleg å tru at «Brock» er feilskrive for Bræck sjølv om det står ukorrigert på trykk fleire gonger.

Syver var 32 år gammal da han tok tannlegeeksamenen. Korleis og av kva har han levd dei føregåande åra som vaksen? Han budde som 15-åring enno heime i Brekk på folketeljingstidspunktet 1865.[3] Fem år seinare er han å finne i kjøpstadsteljinga for Tromsø.[4] Der er førenamnet skrive Sivert, men han er fødd i 1850 i Lom (prestegjeld). Det står rett nok også at han er gift, noko som neppe er rett. (Feilen kan lett forklarast med slurv frå teljingsføraren si side, sidan den førehandstrykte «g» for gift ikkje er korrigert for Siverts vedkomande.) Ved folketeljinga 1875 er opplysningane fyldigare.[5] Der er Syver (framleis skrive Sivert) opplista som ugift «Tyende» og «Betjent» i hushaldet til kjøpmann C.F. Dreyer.

Vi merkar oss her ein spesiell detalj, nemleg at fru Dreyer er fødd i Arkangelsk. Vi skal ikkje sjå bort frå at Bræck sin seinare emigrasjonen til Russland kan ha vore inspirert av opphaldet i Tromsø. Tromsø var forresten ein stad som familien kjende godt til, sidan to av brørne til Syver hadde lærarskulen derifrå (Sylfest uteksaminert 1867, Kristoffer 1871).

Referansar

Kjelder og litteratur