Togrenda (veg i Hjartdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vegen Togrenda med garden Tho mellom (gnr. 3/1).
Foto: Roy Olsen (2021).

Togrenda er ein veg i Nordbygda i Hjartdal kommune som går vestover frå Holmsvegen ved Høgetveit, passerar Tho-gardane og ender øvst i Åbøåsen ved plassen Åsen under Åbø nedre (gnr. 5/1). Han er 3,1 kilometer lang. Dei fyrste to kilometrane av vegen går i jordbrukslandskap, siste del gjennom skog.

Vegen har namn etter Togrenda/Tho-gardane og vart namnsett i 2011.

Kilder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Hjartdal kommune: Vegoversikt pr 31 05 2011.pdf
  • Kleveland Karlsrud, Gjertrud: Hjartdalssoga, gard og ætt, 3 B, Hjartdal, Gvammen. Hjartdal kommune 1997.


Koordinater: 59.59800° N 8.62629° Ø