Tyra Haraldsdotter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tyra Haraldsdotter var dansk kongsdotter og norsk dronning. Ho var gift med Olav Tryggvasson, og etter sagatradisjonen spelte ho ei viktig rolle i hendingane som førte fram mot slaget ved Svolder og Olavs fall.

Ho var dotter av danskekongen Harald Blåtann og svenskfødde Gyrid Olofsdotter, og syster til Svein Tjugeskjegg.

Adam av Bremen skreiv sin kyrkjehistorie kring 1070, og der heiter det at Tyra vart gift med Olav. Deretter egga ho han til krig mot danene. Dei eldste norrøne tekstane har ei liknande historie, men seier litt meir om kvifor dette hende. Ein versjon er at Tyra skulle giftast bort til ein vendisk fyrste, men at ho nekta. Svein haldt da att medgifta, noko som førte til at ho egga Olav til strid.

Snorre utbroderer historia noko meir. Han fortel at ho vart gifta bort til Burislav av Vendland, óg kjend som Boleslaus I av Polen. Broren Svein vart gift med Burislav sin syster, Gunnhild. Tyra ville ikkje gifte seg med ein heidning, og etter berre ei veke rømde ho til Noreg. Der møtte ho Olav - som hadde vore gift med Geira, ei dotter av Burislav som no var død. Olav reiste så for å ta Tyra sine eigedomar i Vendland, men fall for overmakta ved Svolder. Hos Snorre var det ikkje lenger Tyra som var den mest aggressive, men Sigrid Storråde, som var gift med Svein Tjugeskjegg.

Etter at Olav var død sørga Tyra så tungt at ho ikkje tok til seg næring og døydde.

Litteratur og kjelder