Våge (Fedje gnr 172 bnr 9)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Våge
S519.172.9.CD 01 054.jpg
Husa til bnr 9.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 9

Våge er eit tidlegare bruk i Fedje kommune.

1. Karsten Gregoriussen Hjønnevåg f. 1840 Husa (gnr 168 bnr 6-2a) d. 1927 g. 1872 m. Andrea Gudmundsd f. 1850 Stuberg (gnr 168 bnr 19-16a) d. 1935. Dei budde først hjå foreldra hans på Husa, og flytta i 1875 til garden Nordre Hjønnevåg, Solund i Sogn (sjå Solundb. I s 164). Dei flytta attende til Fedje i 1918 då sønene Johannes og Martinus kjøpte jord her i Vågane, og budde saman med dei.

Born: a. Johan Karstensen f. 1873 d. 14 dg gl. b. Kristine Sofie Karstensd Hjønnevåg f. 1873 d. 1961, ugift, budde og arb. her. c. Gudmund Gregorius Karstensen f. 1876 d. 1966 g. 1904 m. søskenbarnet Kristine Gudmundsd f. 1881 Husa (gnr 168 bnr 6-3e) d. 1960, bustad Båtevik i Austevoll (jf Austevollb. III s 426). d. Johannes Karstensen Hjønnevåg f. 1878 d. 1964 g. 1902 m. Ingeborg Andreasd f. 1879 Øyjord, Solund d. 1963, sjå frådelt bruk gnr 172 bnr 28-1. e. Bernt Karstensen Hjønnevåg f. 1880 d. 1952, ugift, sjømann og fiskar, budde her. f. Martinus Elias Karstensen Hjønnevåg f. 1882 d. 1961, sjå nr 2 her.

Brørne Johannes og Martinus fekk i 1916 skøyte frå Fedje Torvbruk for 1800 kr på jorda i Vågane, frådelt Stormark gnr 172 bnr 1 og gnr 172 bnr 2 same året, med skyld 10 øre. Området var utlyst til sals i avisene. Dei dyrka opp jorda, sette opp hus her, og flytta hit frå Solund med familiane i 1918. I 1921 delte dei jorda i to like delar, Johannes fekk gnr 172 bnr 28 og Martinus det gjenverande bnr 9.

Familiebilde (2), frå venstre: Martinus, Ragnvald, Andrea, Harald og Ingeborg. Bildet er teke på Svena gnr 168 bnr 195.

2. Martinus Hjønnevåg f. 1882 Solund (sjå nr 1f her) d. 1961 g. 1916 m. Ingeborg Gurine Rasmusd f. 1885 Utvær, Solund d. 1939 (dotter av Rasmus Henriksen f. 1852 d. 1898 og Brita Persd f. 1845 d. 1912, sjå Solundb. I s 36). Martinus reiste til USA i 1906, og var eitt år på ein farm i Dakota. Som nemnt under nr 1, flytta han og Ingeborg hit i 1918. Dei fekk dette bruket, etter at jorda vart delt i 1921, med tinglyst skøyte på deira del i 1937. Han var bygningsmann og fiskar. Dei hadde tre kyr til 1939, så to kyr til rundt 1960, samt 6-7 sauer.

Born: a. Ragnvald Bertin Hjønnevåg f. 1917 d. 4 md gl. b. Andrea Konstanse Våge f. 1918 d. 2011, neste eigar (3). c. Ragnvald Bertin Våge f. 1921 d. 1996, neste eigar (3). d. Harald Waage f. 1925 d. 2005 g. 1948 m. Mary Nordby f. 1926 Stormark (gnr 172 bnr 97-la) d. 2017, bygde på frådelt tomt gnr 172 bnr 113.

3. Andrea Våge f. 1918 på dette bruket (2b) d. 2011 og Ragnvald Våge f. 1921 på dette bruket (2c) d. 1996, begge ugifte, fekk skøyte i 1961. Andrea stelte her etter at mora døydde, arb. Bjelland i 10 år frå 1961. Ragnvald var i handelsflåten under krigen, seinare fiskar og anleggsarb.

4. Egil Waage f. 1955 (gnr 172 bnr 113-lb), son til 2d, bustad Vågane (gnr 172 bnr 157) fekk skøyte på bnr 9 i 2006. Tomta med huset vart frådelt i 2010 med nytt gnr 172 bnr 228, sjå der.


Fedje komm.svg Våge (Fedje gnr 172 bnr 9) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Vågane • Neste bolk: Austgård (Fedje gnr 172 bnr 28)