Viil Knutsdotter Stærnesplassen (1841–1912)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Viil Knutsdotter Stærnesplassen
Foto: Rollag bygdearkiv

Viil Knutsdotter Stærnesplassen (fødd 27. juni 1841, død 6. januar 1912)[1][2] var gardkone og berar av religiøs songtradisjon.

Viil Knutsdotter var fødd i Klukkargarden i Rollag kommune som dotter av klokkar og kyrkjesongar Knud Carlsen og Viil Gulsdotter Landsverk. Far hennar kom frå ei slekt med mange gode songarar og var kjend for å ha ei svært god songrøyst. Viil lærte å syngje av han og førte vidare den religiøse songtradisjonen etter han. Ho var sterkt religiøs og song mykje i forsamlingar. I Takt og tonar. Soga om folkdansen og folkemusikken i Numedal skriv Anne Svånaug Haugan at Viil Knutsdotter er "ein viktig lekk i den vokale tradisjonen".[3]

Viil Knutsdotter vart gift med Ole Knutsson Stærnes i 1867. Dei kjøpte to Stærnes-plassar som ligg jorde i jorde i 1868 og dreiv desse to bruka som ein samla jordveg. Dei hadde ingen barn, men tok til seg systerdottera til Viil som fosterdotter.[4] Viil vart tidleg helselaus og døydde av hjartesvikt og lungebetennelse på Gaustad sjukehus.[2]

Referansar

  1. SAKO, Rollag kirkebøker, SAKO/A-240/G/Ga/L0002Klokkerbok nr. I 2, 1831-1856, s. 59
  2. 2,0 2,1 SAKO, Rollag kirkebøker, SAKO/A-240/G/Ga/L0005Klokkerbok nr. I 5, 1904-1932, s. 180
  3. Anne Svånaug Haugan (2011): Takt og tonar. Soga om folkdansen og folkemusikken i Numedal, ISBN 9788291715100. Prestfoss: Folkemusikksenteret i Buskerud, s. 196
  4. Hoff, Knut (u.å.): Rollag bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 4, s. 258