Vossestrand sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen – eit kapitèldyr frå mellomalderen, tidfesta til omkring 1150, og som har pryda ei stavkyrkje på Vossestrand. Den er 30,5 cm høg og 23,0 cm breid.

Vossestrand sogelag i Voss kommune vart skipa 13. september 2000. Laget «har til føremål å fremja interesse for slekts- og lokalsoge og kulturvern. Laget vil samla inn og ta vare på alt som har verd for Vossestrand si soge, og som kan fortelja om folk sine levekår og kultur gjennom tidene».

I 2019 var det 93 medlemer. I perioden 2001-2010 låg medlemstalet i snitt på 62, medan det i tidsbolken 2011-2019 var på 82.

Hovudaktivitetar

Publikasjonar

Vinje kyrkje i 1951.
  • Gamalt frå Stronde (årbok), årleg frå 2003.
  • Vossestrand – Folk og landskap, 2017.

Leiarar

  • 2000-2002: Knut Mørkve
  • 2003: Solfrid Rødne
  • 2004-2006: Knut Mørkve
  • 2007-2008: Jorunn Gjøstein
  • 2009-2010: Ivar Husdal
  • 2011: Anita Jordalen
  • 2012-2014: Audhild Rygg
  • 2015-2017: Einar Midtun
  • 2018: Anne Herheim
  • 2019: Jorunn Gjøstein

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer