Vossestrand sogelag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vossestrand sogelag i Voss kommune vart skipa 13. september 2000. Laget «har til føremål å fremja interesse for slekts- og lokalsoge og kulturvern. Laget vil samla inn og ta vare på alt som har verd for Vossestrand si soge, og som kan fortelja om folk sine levekår og kultur gjennom tidene».
I 2019 var det 93 medlemer. I perioden 2001-2010 låg medlemstalet i snitt på 62, medan det i tidsbolken 2011-2019 var på 82.
Hovudaktivitetar
- Innsamling og publisering av eldre kultur og forteljingar.
- Innsamling av foto og publisering på nett.
- Rydding og merking av gamle vegar.
- Sogelagsturar i lokalområde og turar til andre grendelag.
- I Kulturminneåret 2009 laga sogelaget ei digital kulturminneløype, saman med Hardanger og Voss museum, om Postvegen Vinje- Oppheim.
- 2008-2010: Bygging av 1:20 modell av Vinje gamle kyrkje. No utstilt i Vinje kyrkje.
- 2010: Nyopning av Strandalivegen Tveite Sundve. 2013; Nyopning av den gamle kyrkjevegen Ulvund-Vinje.
Publikasjonar
- Gamalt frå Stronde (årbok), årleg frå 2003.
- Vossestrand – Folk og landskap, 2017.
Leiarar
- 2000-2002: Knut Mørkve
- 2003: Solfrid Rødne
- 2004-2006: Knut Mørkve
- 2007-2008: Jorunn Gjøstein
- 2009-2010: Ivar Husdal
- 2011: Anita Jordalen
- 2012-2014: Audhild Rygg
- 2015-2017: Einar Midtun
- 2018: Anne Herheim
- 2019: Jorunn Gjøstein
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).