Eilert Waldemar Preben Ramm

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
E.W.P. Ramm.
Eilert Waldemar Preben Ramm (fødd 4. mai 1769 i Furnes i nåverande Ringsaker kommune, død 15. mars 1837 i Vang på Hedmarken) var offiser, gardbrukar og eidsvollsmann.

Familie

Ramm var son av major Eilert Jørgen von Hadelen Ramm (1720-1793) og Magdalene Wetlesen (1729-1813). Han skal vere fødd på «Lille Håvie» i Furnes. Han var nest yngst av sju sysken, fødde i tidsrommet 1753-1776 (sjå liste i artikkelen om broren Nicolai Hersleb Ramm). Yngste barn i familien var fødd på Benningstad i Løten, så Eilerts barneår har vore delt på dei to hedmarksbygdene. Han var konfirmert i Ringsaker kyrkje i 1784[1] I 1791 flytta foreldra til Ringnes i Løten, men da var Eilert for lengst byrja i militærteneste.

Han gifta seg i Romedal 19. november 1795 med Petronelle Elisabeth Hveberg. Ramm var da løytnant der i distriktet. Ho var fødd i Stange i 1778, dotter av prokurator Hans Hveberg og kone Martha Juul. Petronelle Ramm levde til 1864.

Familien budde fleire stader på Hedmarken. Ramm overtok i 1796 garden Ringnes i Løten frå mor si, men selde han att allereie året etter.[2] På folketeljingstidspunktet 1801 bur dei på Nordre Finstad i Romedal.[3] Ekteparet hadde da tre småborn, og i hushaldet elles var det fire tenestefolk og ein legdslem. Ramm hadde kjøpt garden i 1799,[4] og vart visstnok ikkje buande der så lenge. I 1823 er det opplyst at Ramm budde på Hol i Vang, og da han døydde i 1837 var bustaden Herset i same bygda.[5]

Hans barnebarn Carl Georg With var kommanderande general i Noreg i åra 1884-1897.[6]

Militær karriere

Fyrste militærtenesta hans ser ut til å ha vore i Danmark, der han var volontør/underoffiser ved Sjællandske lette dragonregiment. Han kom heim att til Noreg og fekk offisers grad (fenrik a la suite) i 1789, men var framleis i underoffisers stilling (vaktmeister) ved Opplandske nasjonale dragonregiment. I tidsrommet 1790-1808 var han løytnant skiftesvis ved Midte og Søndre hedmarkske kompani. Han fekk rittmeisters grad (karakterisert) frå 1808, verkeleg rittmeister og sjef for Østre hedmarkske kompani ved same regiment (frå 1811 med det nye namnet Sønnafjelske dragonregiment). Etter nyordninga av hæren 1818 var han rittmeister i Kavaleribrigaden og sjef for Vangske eskadron.

Ramm avslutta si militære karriere som major (frå 1825) og tok avskil i 1829.

Parallelt med regimentstenesta var Ramm landkonduktør for Hedmark, Toten, Vardal og Biri frå 1808, og seinare inspektør for den sameinte militære og økonomiske oppmålinga.

Eidsvoll 1814

Ramm vart vald som representant for Sønnafjellske dragonregiment til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Han tilhøyrde Sjølvstendepartiet, og var som dei fleste offiserane der talsmann for allmenn verneplikt. Ut over dette standpunktet markerte han seg ikkje i forhandlingane.

Kjelder og litteratur

  • Finne-Grønn, S.H.: «Slektsoptegnelser vedkommende en norsk militærfamilie Braun,» i Norsk slektshistorisk tidsskrift,bd. IX, Oslo 1944.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Ramm i Norsk biografisk leksikon 1952.
  • Morthoff, J.B.: Løtenboka. Garder og slekter. bd. I og III Løten 1949, 1955.
  • Morthoff, Bjarne ogt Løland, Jacob Sverre: Romedalboka. Garder og slekter bd. III. 1979.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd II. Oslo 1949.
  • Schnitler, Carl W.: «Officerene» i Halvdan Kohts og Carl W.Schnitlers kapittel om eidsvollsmennene i Eidsvold 1814. Kristiania 1914.

Referansar

  1. Finne-Grønn, S.H. 1944:209.
  2. Morthoff, J.B 1949:754.
  3. Ejlert Valdemar Preben von Ramm i folketeljinga 1801 for Romedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  4. Morthoff/Løland 1979:219.
  5. Ovenstad.
  6. Arne Dagfin Dahl: With, Carl Georg i Norsk biografisk leksikon, side 296-297, bind 19 red: Anker, Øyvind, Kaldhol, Bjarte, utg. 1., Aschehoug, Oslo, 1983

Eksterne lenkjer