Generell bygde-, by- og regionshistorie

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Generell bygde-, by- og regionshistorie. Slike bøker tek på brei basis føre seg samfunns- og kulturhistoria for det området ein har valt seg ut, gjerne frå dei eldste tider fram til dags dato. Endringane i lokalsamfunnet blir forsøkt belyst ut frå eit allsidig utval av historiske faktorar og samfunnsaspekt - økologiske, demografiske, økonomiske, sosiale, politiske, kulturelle osv.

Kronologisk eller emnedelt?

Tradisjonelt har ein skilt mellom to variantar innan denne sjangeren - den kronologiske og den emnedelte. Den fyrstnemnde gjev ei meir eller mindre heilskapleg framstilling av den historiske utviklinga sukssesivt over ei kortare eller lengre historiske periode. Den emnedelte bygde- by- eller regionshistoria inneheld frittståande artiklar om dei enkelte, avgrensa historiske forhold ein vil ha belyst. Frå den emnedelte bygde-, by- og regionshistoria er overgangen glidande til det vi har kalla sektorhistorie.

Geografiske avgrensingar

I Noreg er det som oftast kommunen som utgjer området for dei generelle lokalhistoriske framstillingane. Men det kan også vere delar av ein kommune - eit bygdelag, ein tettstad, ein bydel. Det er fleire døme på at tidlegare kommunar får sine historier skrivne etter at dei er blitt innlemma i storkommunar (t.d. Onsøy i nåverande Fredrikstad kommune, Soknedal, Støren, Budal i Midtre Gauldal m.fl.).

På den andre sida ser ein at to eller fleire kommunar som i tidlegare tider har vore saman som ein kommune, eit prestegjeld eller eit tinglag har gått saman om fellesband for allmennsoga. (Døme: Asker og Bærum fram til 1840, Vågå og Sel med Heidal fram til 1908.) Ein praktisk føremon ved slikt samarbeid ligg i det faktum at kjeldematerialet frå prest og skrivar vil vere lettare å handtere for desse eldre einingane framfor å måtte skilje ut seinare mindre område.

Danninga av storkommunar frå 1960-åra og frametter har ført til at det har vorte skrive "bygdebøker" som omfattar både større bysamfunn og omliggjande bygder med sine eigne bygdesentrum og andre tettstader. Ikkje minst i slike tilfelle gjev det lita meining å operere med sjangergrenser mellom bygde-, by- og regionshistorie. Det er likevel opplagt at det byr på ulike slag utfordringar å skrive historia om eit bygdesamfunn, ein by og eit større distrikt.

Historiske distriktsinndelingar

Dei mange slags geografiske avgrensingar ein finn døme på for bygde- by- og regionshistorie har altså som oftast bakgrunn i historisk-administrative einingar av ulik art. Tabellen nedanfor gjev eit forenkla oversyn over dei viktigaste av desse einingane. I lokal-/regionshistorisk samanheng har kommunen, futedømmet og fylket vore dei mest brukte. Blant militærhistoriske monografiar har regimentsdistriktet vore den mest vanlege avgrensinga.

Lokalt Distrikt Region Landsdel
Rettsvesen Tinglag Sorenskriveri Lagdømme
Forvaltning Skipreide, Herad, Kommune Futedømme Len, amt, fylke Hovedlen, Stiftamt
Kyrkje Prestgjeld, sogn Prosti Stift (bispedømme)
Militærvesen Kompani Bataljon, utskrivingsdistrikt Regiment, divisjon, distriktskommando, krigskommissariat

Bygdehistorie

Bygdehistorikaren sitt granskingsemne er lokalsamfunn med meir eller mindre spreidd busetnad der primærnæringane har ein framståande plass i det økonomiske, sosiale og kulturelle biletet. I storleik og skala er bygdesamfunnet relativt oversiktleg og gjennomsiktig, og vil slik sett - i motsetnad til ein by - kunne oppfylle kriteriane for kva som er eit "eigentleg" lokalsamfunn eller ei "lokal samhandlingseining" (sjå oppslaget Kva er eit lokalsamfunn?).

Heilskapsstudiar av lokalsamfunn gjev rom for mange ulike tilnærmingsmåtar, og har derfor fått fagleg fokus innan ei rad kultur- og samfunnsvitskapar. Utanom (lokal)historiefaget gjeld det i fyrste rekkje sosialantropologi, etnologi, sosiologi og samfunns- og kulturgeografi.

Det tverrfaglege aspektet gjer seg ikkje minst gjeldande ved studiar nettopp av lokalsamfunn på landsbygda, noko som manifesterer seg i tidsskrift og andre former for forskarfellesskap. I Noreg kan vi til dømes peike på Norsk senter for bygdeforsking, lokalisert ved NTNU i Trondheim. Fagprofilen der er mest samfunnsvitskapleg, men har også eit historisk perspektiv.

Internasjonalt kan det t.d. visast til det engelskspråklege tidsskriftet The Journal of Peasant Studies, som uttrykkeleg vender seg til historikarar, sosiologar, økonomar, antropologar og andre fagfolk med forskingsfelt som relaterer seg til jordbruksbaserte samfunn og kulturar. Det finst også eit internasjonalt diskusjonsnettverk for agrar- og bygdehistorie på Internett.

Byhistorie

Jamført med eit bygdesamfunn utgjer ein by eit mykje meir komplekst samfunn med omsyn til folketal, næringsverksemd, sosiale kategoriar, delkulturar osv. Kanskje er det noko av grunnen til at byhistorie meir enn bygdehistorie har utvikla seg til å bli ein sjølvstendig disiplin innan historievitskapen. Det har manifestert seg mellom anna i ein eigen organisasjon, Den internasjonale kommisjonen for byhistorie (CIHV), som igjen er tilknytta Den internasjonale komiteen for historievitskap (CISH/ICHS).

Norsk komite for byhistorie er tilslutta CIHV. Leiar for den norske komitéen (pr. 2003) er professor Ida Bull, Historisk institutt ved Universitetet i Trondheim NTNU. Bulls professorat ved NTNU er elles tillagt eit særskilt ansvar for lokalhistorie som disiplin.

Les også: Byhistorie

Regionshistorie

I vår sjangerinndeling blir «regionshistorie» brukt om framstillingar av historia til område som er større enn to kommunar. Jamført med tabellen over historisk distriktsinndeling (over), vil regionshistorie i hovudsak dekke nivåa frå og med «distrikt» til og med «landsdel».

Området har da gjerne ei naturleg geografisk avgrensing. Ofte vil ein kunne vise til at området har utgjort ei eiga eining i det offentleg styrings- og forvaltningssystemet, eller det kan vere andre former for regional samhandling som er lagt til grunn for avgrensinga (økonomisk integrasjon, kommunikasjonssamanheng, kulturelt fellesskap osv.).

«Regionshistorie» versus «distriktshistorie»

Sjangerdefinisjonen her kjem noko på tvers av eit skilje som i mange samanhengar kan vere meiningsfullt å setje opp mellom "distriktshistorie" og "regionshistorie".

Til dømes opererer Harald Winge med eit slikt skilje, som han greier ut om slik:

Begrepene «distrikt» og «region» er aldri blitt gitt et etablert betydningsinnhold blant historikere. I dette innlegget vil ordet «distrikt» bli brukt om alle typer geografiske enheter som er større enn to kommuner, opp til landsdels størrelse, uten at det dermed er sagt noe som helst om hverken topografisk, historisk eller kulturell egenart. Begrepet «region» betegner derimot enheter som kan avgrenses etter kulturelle kriterier i vid forstand, med grenser som helt eller delvis kan falle sammen med naturskapte eller med administrative grenser, men som ikke behøver å gjøre det..

I vår samanheng (sjangerinndeling til bruk m.a. i bibliografisk samanheng) er det bruk for eitt omgrep som både dekker båe tydingane til Winge, og «region» synest da mest veleigna.

Fylke, futedøme og mindre distrikt

Som døme på kva einingar som har vore gjort til gjenstand for regionshistoriske framstillingar, kan nemnast ei rekkje fylkeshistorier og ein del som omfattar dei gamle futedøma (t.d. Sunnmøre, Gudbrandsdalen, Lofoten og Vesterålen m.fl.).

Av mindre distrikt kan nemnast Strile-soga, som tek for seg dei bygdene som har danna opplandet til Bergen - utan tilknyting til futedømet eller andre administrasjonsdistrikt. Historia om Astafjord omfattar fem kommunar rundt ein og same fjord i Troms (eit tidlegare prestegjeld og tinglag).

Landsdelar

Det blir også laga historiske framstillingar av heile landsdelar. Nord-Noreg og Agder har fått sine historier, og har senere blitt etterfulgt av Trøndelag og Vestlandet.

Med landsdelshistorie kjem ein unekteleg eit godt stykke vekk frå «lokal» historie. Men det er tradisjon for å knyte historia om alle geografiske einingar under riksnivået nært til lokalhistorieomgrepet. Det gjeld i Noreg som i andre land. Til dømes blir gjerne delstatshistorie i føderale statar som USA og Tyskland («Landesgeschichte», «state history») nemnt i same andedrag som lokalhistorie.

På tvers av landegrensene

Regionshistorie kan jamvel gå på tvers av landegrenser og framleis rimeleg reknast inn under eit utvida lokalhistorieomgrep. Ein kan nemne som eit døme Solør-Värmland Finnkulturförening, som steller med lokalhistoria til to område på kvar si side av svenskegrensa, rett nok da fokusert på ein delkultur innan denne regionen. Tilsvarande kulturelt fokus, men med større geografisk spenn (Skandinavia), er Finnbygder i samverkan (Finnsam), som kallar seg sjølv ein "samarbeidsorganisasjon med nettverksstruktur". Båe desse emna kan ein elles seie fell inn under sjangeren (regional) sektorhistorie.

Det kan visast til fleire tverrnasjonale forskingsprosjekt som har sterk lokalhistorisk relevans. Eit døme er det nordiske Skagerrak-Kattegat-prosjektet for ein del år sidan, som omfatta kysten av Søraust-Noreg, den svenske vestkysten og delar av Danmark (hovudsakleg Jylland). (Sjå Meddelelser nr. 1-17 og andre skrifter frå prosjektet, utg. 1982-1991.) Eit anna døme er Ingar Kaldals «Skog. arbeid og dagligliv i kvinners og menns fortellinger fra Trysil og Nord-Värmland etter 1930», som inngjekk i eit større nordisk samarbeidsprosjekt om skogbygdskultur. (Sjå Ingar Kaldal m.fl. (red.): Skogsliv. Kulturella processer i nordiska skogsbygder, Historiska Media, Lund 2000.)